RAASKINN

Ein lokal favoritt er klar for årets Målrock, RAASKINN! Her blir det allsang og enorm stemning, folkens!

RAASKINN har eksistert sidan 2010, og har sidan 2012 kun fokusert på eige materiale, sjølvskrevne låtar og lokalhistoriske tekstar. I mars månad samme år fekk bandet stor merksemd da dei publiserte musikkvideoen Årdal-Tyin: Stengd. Sangen fekk speletid på riksdekkande radio-NRK P1.

RAASKINN skriv både musikk og tekst og har pr.dags dato eit låtmateriale på ca 20 låtar. Vårt mål er å fremje lokalsamfunnet vi er så glade i, samt å kunne bidra til at ungdom kjem seg inn i musikkmiljøet og opprettheld det gode samholdet og den kvaliteten vi i dag har. Vi ynskjer å skape liv og røre med musikken ved å ta opp dagsaktuelle tema.

"Me er glade for at musikken vår skapar engasjement. Mange av våre låtar er nytta i TV-serien Alt for Årdal. Samtidig har våre låtar blitt brukt i marknadsføring av lokale og nasjonale verksemder, som til dømes Hydro. Det gjer oss stolte!

No gler me oss til å stå på Målrock-scena i Juni, der me skal sørge for at publikum får ein musikalsk oppleving dei seint vil gløyme!"

RAASKINN består av:

Joacim Styve – Gitar, vokal og låtskriving

Thomas Norheim Moen – vokal

Ørjan Loftheim – Gitar og vokal

Andreas Aannevik – Keys og EDB

Frank-Runar Øren – Trommer

Ørjan Lindborg - Bass




Forrige
Forrige

THE BRUUDS

Neste
Neste

FUNKY CRIME