Lars Vaular og Sondre Justad til Målrock!

By 18. januar 2016Målrock 2016, Nyhende

Lars Vaular Erik Five Gunnerud 4Det er ein komet og ein hiphop-veteran som no er klare til årets Målrock-festival i Årdal. Både Lars Vaular og Sondre Justad står på årets plakat. –Det har vore eit utal spørsmål og tips om at vi må booke begge desse, og det er ei glede at vi endeleg kan offentleggjere det!

Lars Vaular kom i fjor med trilogien ”666”, og to av tre plater i trilogien kom med på Dagbladets beste album-liste for 2015. Blandinga hans av pop, R&B og hiphop er ein av dei ypperste i verda. Lars Vaular var på Målrock for fyrste gong i 2012 og er no nominert til tre Spellemann-prisar, mellom anna som beste tekstforfattar.

Sondre Justad har komt som ein komet i norsk musikkliv etter å ha sluppe singelen ”Nu har du mæ” sommaren 2014. 25-åringen frå Lofoten har sjarmert utallige nordmenn med sin trivelege pop på morsmålet og fått høg radiorotasjon. Debutalbumet ”Riv i Hjertet” kom i 2015, og har fått skryt frå ei heil rekke anmeldarar. ”Sondre Justad er ein av dei mest etterspurte artistane til årets festival som syng på norsk, og det er svært stas at vi har fått til dette, og eg håpar at mange alt no byrjar å glede seg til august, seier festivalsjef i Målrock,” Katrine Clausen Fredheim. – Det er to ekstremt dyktige artistar innanfor kvar sin sjanger vi no har klare til årets festival, og det vi har klart hittil syns vi er veldig lovande for årets festival!SondreJustad2

Målrock 2015 blei ein solid suksess, og i 2016 satsar festivalen med om lag same oppsett i 2016. Både prosjektet med eit arrangement onsdag 10.august og torsdag 11.august blir vidareført og vidareutvikla i 2016 saman med friluftsopplevingane festivalen introduserte i 2015. – Målet med desse prosjekta er både å utvikle festivalen Målrock, samt at vi ynskjer å tilby ei heilskapleg ramme rundt festivalen med opplevingar av alt det Årdal og omegn kan by på. Ønsket vårt er at mange fleire enn i dag har lyst å nytte ei heil veke av ferien sin i Årdal i august og verkeleg få opplevingar som sett spor, fortel festivalsjefen.

Målrock 2016 går av stabelen i Årdal 10-13. august.

Festivalpass til Målrock kan kjøpast hjå Billettservice.no. Dagsbillettar og program per dag vert offentleggjort seinare ut over våren.