Marcus & Martinus og Henning Kvitnes til Målrock

By 3. mars 2016Målrock 2016, Nyhende
Marcus & Martinus. Foto: Max Emanuelson

Marcus & Martinus klare for Målrock!. Foto: Max Emanuelson

Det er duka for verdspremiere på arrangement under Målrock 2016 med Marcus & Martinus som start på årets festival. – Endeleg har vi fått til ein artist som verkeleg born og unge vil setje pris på, og når høvet dukka opp kunne vi ikkje sei nei, er meldinga frå festivalleiinga i Målrock. Samstundes byr Henning Kvitnes og Claudia Scott opp til moro for dei litt eldre under den ”ordinære” delen av Målrock.

Tvillingparet og tenåringsidola Marcus & Martinus frå Trofors i Nordland har den siste tida vore blant dei mest populære artistane blant born og unge i Noreg. Tvillingane slo gjennom då dei vann MGP junior med låta «to dråper vann» som 10-åringar i 2012, og dei ga ut sitt debutalbum i februar 2015. Om lag alle konsertar i 2016 er utselde, og Marcus & Martinus selde ut Oslo Spektrum to gonger på eit par dagar.

Det var opphavleg planlagt eit arrangement på Svalheim gard onsdag 10. august, men då Marcus & Martinus dukka opp enda Målrock-leiinga med å leggje om planane. – Dette var ei moglegheit vi ikkje kunne la gå forbi oss, så vi har lagt om deler av strukturen vår og gjer dette i år, fortel festivalsjef i Målrock Katrine Clausen Fredheim. «Vi har ingen planar om å gjere slikt som dette på årleg basis, men dette er eit arrangement for eit publikum vi normalt ikkje har så lett for å leggje til rette for, så når høvet bydde seg må vi berre gjere det vi kan for å få det til. Slik vil det og bli vidare framover, at om artistane og høvet er der vil vi gjerne gi born og ungdom eit skikkeleg tilbod på eit høgt nivå. Når Marcus & Martinus i tillegg passar godt inn i målrock-omgrepet er ikkje valet vanskeleg, sjølv om dei ikkje er «rock» er dei i aller høgste grad «mål».

Henning Kvitnes

Henning Kvitnes

Henning Kvitnes kjem til Målrock i 2016 saman med Claudia Scott. Han har nyleg vore med i ”Hver gang vi møtes” på TV2 og kjem til Målrock for andre gong. Sist var saman med Jonas Fjeld og Kvarts i 2011. Henning Kvitnes har ein omfattande låtkatalog bak seg, med ei heil rekke låtar vi alle har høyrt og no fått aktualisert igjen gjennom tv-ruta. I år tek Henning Kvitnes med seg Claudia Scott og band på tur og besøker mellom anna Målrock.

Målrock 2016 går av stabelen i Årdal 10-13. august. Marcus & Martinus står i år for ein pangopning onsdag 10. august. Portane opnar 17.00.

Enkeltbillettar til konserten med Marcus & Martinus kostar kr. 350,- og vert lagt ut for sal hjå billettservice.no laurdag 5. mars kl. 09.00. Konserten vert den einaste sommaren 2015 i Sogn og Fjordane. Nedre aldersgrense utan følgje av vaksen er 13 år. Litt meir praktisk informasjon er på denne sida.