Klovner i Kamp, Razika og Skambankt til Målrock 2016!

By 2. april 2016Målrock 2016, Nyhende
Klovner i Kamp

Klovner i Kamp

Det blir ellevill skapop, legendarisk hiphop og jærsk rock til årets Målrockfestival når RazikaKlovner i Kamp og Skambankt no er klare til festivalen i Årdal. Ei skikkeleg Målrockpakke, melder festivalsjef Katrine Clausen Fredheim.

Klovner i Kamp blei opprinneleg starta i 1994 av dei to kameratane Alis og Dr. S, og er Noregs mestselgjande rapartistar gjennom tidene, med fleire prisar både for sine norske tekstar og musikk. Dei spelte opphaveleg sin avskjedskonsert i 2006, men har dei siste par åra så smått vakna til live igjen, og i 2016 gjer dei omsider sin Målrock-debut!

Razika består av Marie Amdam, Marie Moe, Maria Råkil og Embla Karidotter, og bandet frå Bergen som er godt innanfor Målrock-omgrepet med sin heftige og energiske sak-pop-rock. Dei har gjort seg kjende med låtar som ”vondt i hjertet” og ”Om igjen”, og har mellom anna vore Spellemann-nominert for debutalbumet ”Program 91”. Albumet fekk strålande kritikkar over heile verda, mellom anna i New York Times og Pitchfork. Gjengen er ein del av det solide musikkmiljøet i Bergensområdet, og kjem til Målrock for fyrste gong.

Skambankt, foto Mari Vold

Skambankt, foto Mari Vold

Skambankt har lenge vore ”sideprosjektet” til Terje Winterstø Røthing frå Kaizers Orchestra, men har likevel klart å etablere seg i elitedivisjonen av norsk rock. Etter at Kaizers la inn årene i 2013 har Skambankt igjen byrja å røre på seg, og den hardtslåande gjengen frå Rogaland stiller med saftig rock frå øvste hylle til årets Målrock. Skambankt besøkte Målrock sist i 2005, og har sidan starten i 2004 sluppe heile 5 plater. Bandet gjer berre nokre utvalde konsertar i 2016, så det gjeld å kjenne si besøkelsestid når Skambankt står på scena i Meieriparken.

”Vi er svært nøgde med å ha desse tre klare til årets festival,” seier festivalsjef i Målrock, Katrine Clausen Fredheim. ”Desse er trygt innanfor Målrockomgrepet, samstundes som dei representerer tre ganske ulike uttrykk, så dette gler eg meg til”

Målrock 2016 går av stabelen 10-13. august. Markus & Martinus står i år for ein pangopning onsdag 10. august, før festivalen for alvor brakar laus frå torsdag 11. august til og med laurdag 13. august. Billettar er til sals på www.billettservice.no