Dizzy Mizz Lizzy, STUV og Raaskinn til Målrock!

By 10. mai 2016Målrock 2016, Nyhende

 

dizzymizzlizzy

Dizzy Mizz Lizzy (DK)

Målrockprogrammet nærmar seg ferdigstilt, og danske Dizzy Mizz Lizzy toppar torsdagskvelden i Meieriparken, medan lokale band vil bidra med kortreist kvalitetsmusikk til det trufaste målrockpublikumet. Til årets utgåve av Målrock bidreg STUV og RAASKINN, som er to av dei mest aktive og spanande årdalsbanda med eige låtmateriale på klingande morsmål. 

Dizzy Mizz Lizzy er for tida Danmarks største rockeband. Dei har det siste året spelt for nær ein halv million danskar og for fulle hus på turné, og i 2016 kom dei omsider med nytt materiale. Bandet som består av Tim Christensen, Martin Nielsen og Søren Friis-Larsen har samarbeida tett med Jacob Hansen, som mellom anna har produsert fleire av platene til Volbeat, i produksjonen av nytt materiale. Dizzy Mizz Lizzy spelar sommaren 2016 utvalde konsertar, og ein av desse blir altså på Målrock torsdag 11. august.

 Stuv har lang fartstid i musikklivet i Årdal, med røter tilbake til 1999. Allereie ved fyrste spelejobben framførte bandet eige låtmateriale i tillegg til coverlåtar, men det er ikkje før i seinare år at stuvane verkeleg har teke tak i låtskrivinga og produsera eigne låtar, jamt og trutt.

STUV er i full sving med førebuingar til plateinnspeling, og stuvane har fått med seg Fredrik Haug Johansen som produsent. Plateinnspelinga vil gå føre seg i studioet til Hugin Musikkforum. Stuvane og Fredrik Haug Johansen har lova at nokre låtar vil bli innspelt og delt med folket i forkant av Målrock, men at albumet truleg ikkje er klart før rundt juletider eller utpå vårparten neste år. STUV spelar steintung rock, og med ein energisk frontfigur som flørtar intenst med publikum, blir det vonleg ei energisk rockeoppleving i Meieriparken.

Det lokale bidraget ved årets «Under Skåri» arrangement blir ingen ringare enn RAASKINN. Bandet har utmerka seg med fengande låtar og spenstige tekstar om livet i Årdal, spesielt den lokalsamfunnsaktuelle «Årdal-Tyin, stengt» har brent seg inn i sjela til det trufaste Årdalspublikummet. RAASKINN stod på scena i meieriparken seinast i fjor, så i år har dei tenkt å presentera låtane sine i ei litt anna innpakking. Dei ynskje å vise fram musikken sin på ein meir intim måte enn før, og ingen andre plassar enn Under Skåri høve dette betre.

”Det er stas med både kort- og langreist rock og me gler oss til dei to lokale banda får dele scene med andre og meir kjente artistar i august,” seier festivalsjef i Målrock, Katrine Clausen Fredheim. ”Begge banda lagar knakande god rockemusikk, dei byr verkeleg på seg sjølve og vil garantert levere konsertopplevingar som ein seint vil gløyme. Dizzy Mizz Lizzy kjem og til å skape gode opplevingar i Årdal i august.”

Saman med ferdigstillinga av årets festivalprogram vil vi sleppe alle dagsbillettar og andre billettypar til festivalen. Det nærmar seg festival!