Målrock-programmet ferdigstilt!

By 14. mai 2016Målrock 2016, Nyhende

Dei siste brikkene fall nyleg på plass og Målrock kan endeleg presentera eitt fullstendig program for årets festival. Med dei tre siste artistane klare er det berre til å glede seg til august. Erlend Ropstad , Blodsmak og Eva Weel Skram pyntar enda meir på eit allereie fantastisk artistprogram som me i Målrock er strålande nøgde med.

Erlend Ropstad

Erlend Ropstad

Erlend Ropstad

Med heile fem plateutgjevingar, samt ein EP, er det ein erfaren artist som kjem til Årdal og Målrock i sommar. Det var fyrst på det tredje albumet at Erlend Ropstad byrja å synge på norsk, etter det har han vore spelemannsnominert fleire gonger. Den siste utgjevinga «Det beste vi får til» har hausta mange lovord og det kjem garantert til å komme mange godbitar frå den erfarne artisten på Målrock-arrangementet Under Skåri. I dei nydelige naturomgjevnadane i Utladalen kjem melankolikaren Erlend Ropstad verkeleg til sin rett, dette blir ein minneverdig oppleving ein ikkje bør gå glipp av.

Blodsmak

Blodsmak

Blodsmak

Kva er meir naturleg enn eit Oslobasert rockeband enn å syngje på nynorsk? Alt ligg til rette for eit spanande møte med Blodsmak som spelar tung rock som vil gå gjennom «Marg og Bein», som tilfeldigvis er namnet på den ny plata som kom i handelen 11. mars i år. Dette bandet er kjent for å gje alt på scena og for Målrockarar vil dette rett og slett bli «Ivar Awsome».

Eva Weel Skram

Eva Weel Skram

Eva Weel Skram

Denne dama er verkeleg i vinden om dagen, etter deltakinga på forrige runde med programserien «Hver gang vi møtes» har frontfiguren i Eva & The Heartmaker spelt land og strand for eit begeistra publikum. Den talentfulle Sogndalsjenta tek sjølvsagt med seg ektemake og gitarguru, Thomas Stenersen til Målrock. Eva Weel Skram blir å oppleve i meieriparken under torsdagsarrangementet saman med STUV og det danske superbandet Dizzy Mizz Lizzy, det ligg an til ein magisk kveld ein seint vil gløyme.

”Det er stas å kunne presentere årets Målrock-program, med så mange utruleg flinke artistar og band,” seier festivalsjef i Målrock, Katrine Clausen Fredheim. ”Me er frå oss av begeistring og gler oss endelaust til publikum vil strøyme til arrangementa våre ved året Målrockfestival.”

Målrock 2016 går av stabelen i Årdal 10-13. august. Dagsbillettar til festivalen vert lagt ut for sal onsdag 18. mai kl 09.00 gjennom Ticketmaster.no.