Dagsbillettar og program klart!

By 15. mai 2016Målrock 2016, Nyhende

Onsdag 18. mai slapp vi alle dagsbillettar til årets festival for sal via Ticketmaster. Merk at samtlege prisar aukar 15. juli, så det løner seg å kjøpe på førehand. Programmet er og klart og alle artistane er fordelt på dagar.  Tidene kjem seinare. 

Nyttig informasjon om billettsal: Under festivalpasset kan ein kjøpe fleire variantar. Festivalpasset inkluderer konserten med Marcus & Martinus. Festivalpass for ungdom gjeld ungdom til og med 19 år, dvs fødd tidlegast 1997.

Dagsbillettane inkluderar inngang i Meieriparken for den dagen dei er kjøpt. Laurdagsbilletten gjeld ikkje under Skåri, her må det løysast eigen enkeltbillett. Festivalpass gjeld på alle arrangement, inkludert Målrock under Skåri.

Vi gjer merksam på at vi scannar alle billettar ved bandpåsett, og at vi oppmodar alle til å kjøpe billettar gjennom Ticketmaster og offisielle salskanalar. Ticketfast-billettar (PDF-varianten) vil berre gje inngong ein gong for ein person per billett.

Er det andre ting ein lurer på går det an å kontakte oss.