Fjord til Fjell-dagane!

By 10. juni 2016Målrock 2016, Nyhende
Årets hettejakke og t-skjorte!

Årets hettejakke og t-skjorte!

Til helga arrangerast dei årlege Fjord til Fjell-dagane i Årdal. Vi er, som i fjor, til stades!

Vi riggar klar stand på laurdag mellom ca kl 12 og 15 (alt etter trafikken) saman med Hugin Musikkforum. På standen vår kan du få kjøpt alle typar festivalbillettar (festivalpass og enkeltbillettar frå onsdag-laurdag), samt årets t-skjorte og hettejakke til ein rimeleg pris. Vi tek kort og oppmodar sjølvsagt til elektronisk betaling. Hugin stiller opp med informasjon og sal av Rockebolet, historia om musikklivet i Årdal. Forfattaren sjølv stiller opp og signerer bøkene.

Vi har nyleg gjort klart heile programmet med dei opplevingane som ikkje er reint musikalske, og gler oss til å offentleggjere desse like over helga. Då opnar og påmeldinga!

Ellers kan vi sjølvsagt svare etter beste evne om det er noko de lurer på om årets festival!

Velkommen innom!