Turprogrammet under Målrock klart!

By 16. juni 2016Målrock 2016, Nyhende

MM_1200x625_v01_malrock16_08Etter ei vellukka satsing på friluftslivets år i 2015 har Målrock-gjengen satsa vidare på aktivitetar i samband med festivalen også i år. Kajakkpadling, topptur og sykkeltur står på årets turprogram. I tillegg til heile aktivitetsprogrammet er det klart at Drusar kjem på toppen av lasset til årets festivalprogram.  

Drusar tok sin første tur til Målrock i 2013, og gjengen frå Førde spelte då ein konsert alle som var der har hugsa i lang tid etterpå. No er det endeleg klart for ein ny dose med rockemusikk på dialekt frå Førde. Drusar spelar torsdag 11. august og kompletterar dermed ein fantastisk rocketorsdag i Meieriparken.

Årets nyheit på turfronten er kajakktur som vil finne stad fredag 12. august. I samarbeid med Bulder & Brak arrangerer Målrock kajakktur på fjorden til Indre Ofredal. Her vil det vere open kafe for alle som ynskjer å ta turen, anten med båt eller kajakk. Turen krev ingen særskilte kunnskapar i forkant, og nødvendig opplæring vil bli gitt før turen startar.

Onsdag 10. august blir det sykkeltur frå Sletterust til Øvre Årdal på gamlevegen. Her må ein stille med eigen sykkel, alternativt ta turen til fots. Denne turen er ein spektakulær tur langs gamlevegen mellom Årdal og Tyin, gjennom 43 hårnålssvingar med fantastisk utsikt. Turen endar i Øvre Årdal.

Torsdag 11. august blir det årets topptur – i år er det Vestre Austbotntind (2100 moh) som står på programmet. Dette er enno ein av toppane over 2000 m i Jotunheimen som ikkje krev klatreutstyr eller andre spesialkunnskapar, og turen byr på eit fantastisk utsyn over Jotunheimen. Turane onsdag og torsdag er i samarbeid med Kristoffer Nystedt og Utladalen Camping.

”Det er eit variert og spennande program vi har for årets festival, og vi vonar enno fleire vil få augene opp for dei fantastiske opplevingane ein kan få i Årdal under Målrock. Alle turane er lagt opp til at ein ikkje treng å ha særskilte ferdigheiter eller utstyr for å vere med, og vi jobbar med eit par detaljar til vi kanskje får på plass i år som opnar for at enno fleire får nyte Årdal frå fleire hald” seier festivalsjef i Målrock, Katrine Clausen Fredheim. ”Vi organiserer transport til alle påmeldte på alle turane, så det er berre å bli med på moroa!” Påmeldinga og billettsalet finn du her:

Sykkeltur onsdag 10. august

Topptur torsdag 11. august

Kajakktur fredag 12. august

Merk at det er særs avgrensa tal plassar på turane. Alle som melder seg på får meir detaljert informasjon tettare på. Atterhald om vær og vind på alle turane.

Vi kjem snart med meir detaljar om alt som skjer under årets festival, inkludert fullstendig program. I mellomtida er det på tide å sikre seg billettar!