Frivillig på Målrock?

By 27. juni 2016Målrock 2016, Nyhende
Målrock 2015. Foto: Susanne Hwa Kinserdal

Målrock 2015. Foto: Susanne Hwa Kinserdal

Det nærmar seg festivaltid… Idrettslaga ÅTIL og Jotun organiserer og tek hand om det aller meste av vakthald, servering og sal på festivalområdet vårt, og no er laga på jakt etter personar som ynskjer å bidra. Har du litt tid til overs og lyst å nytte den på festival? Ta kontakt med leiar@aatil.no eller på tlf. 971 62 025. Det er mogleg å stille på dugnad anten ein eller fleire dagar under festivalen som vert avvikla frå onsdag 10-laurdag 13. august.

Les meir på Porten.no

Målrock tek og i mot frivillige som ynskjer å bidra under heile festivalen innanfor område som artistvertar, backlineorganisering og andre forefallande oppgåver som ikkje vert løyst av dei ulike laga involvert i festivalen – er dette interessant, send ein kortfatta epost til katrine@malrock.no.