Billettar til Målrock – på tide å sikre seg!

By 6. juli 2016Målrock 2016, Nyhende
Marcus & Marcus

Marcus & Martinus-billettane går unna!

Billettane til konserten med Marcus & Martinus onsdag 10. august har gått jamnt og trutt unna. No er det berre 350 billettar igjen, så skal du på denne konserten er det på tide å sikre seg billett!

15. juli aukar og prisen på alle billettane våre med 150,- pr billett (festivalpasset med 200,-), så det lønner seg i aller høgste grad å handle før 15. juli!

Billettar til Målrock kjøper du her!

Vi har og lagt ut billettar til buss til og frå Sogndal/Kaupanger og Lærdal i samband med Marcus & Martinus-konserten. Det er då høve til å førehandsbestille her og dermed vere sikra plass på buss til og frå konserten for dei som ynskjer det. Frå Øvre Årdal vil det gå skyttelbuss, så her blir det ikkje førehandssal over nett. Det vil vere avgrensa parkeringsmoglegheiter på Årdalstangen, og vi oppmodar alle til å ta buss! Det går ordinære rutebussar til og frå, men billettane vi sel gjeld eigne festivalbussar med eigne rutetider. Dette er eit utvida tilbod då vi ser at det vil komme mykje tilreisande til Årdal.

Nytt av året er og busspass i Årdal – fri festivalbuss i Årdal heile helga gjennom! Dette sikrar at du slepp å stå i kø for å kjøpe billett på nattbuss til Øvre Årdal til, samt at vi vonar at dette vil føre til betre logistikk og mindre køar. Busspasset kostar 200,- og gjeld frå onsdag-natt til søndag. Det kan du kjøpe her!