Marcus & Martinus – utseld!

By 16. juli 2016Målrock 2016, Nyhende

I går kveld forsvann dei siste billettane til Marcus & Martinus onsdag 10. august. Det betyr at vi for første gong i Målrock-historia har ein utseld dag! Onsdag 10. august er det no berre festivalpasset som gjev adgang til.
Det er ledige dagsbillettar til alle andre dagar og ledige festivalpass, men Marcus & Martinus er altså utseld. Vi gler oss!