Marcus & Martinus nærmar seg!

By 3. august 2016Målrock 2016, Nyhende

MM_1200x625_v01_malrock16I midten av juli forsvann dei aller siste billettane til Marcus & Martinus onsdag 10.august, og for fyrste gong i historia er eit Målrock-arrangement utseld, med mykje tilreisande gjester. Det byr på praktiske utfordringar for Årdalstangen!

Stiftinga Målrock som arrangør av Målrock ventar om lag 3500 små og store onsdag 10.august. Mange av desse kjem frå ulike stader i fylket, og Målrock oppmodar sterkt om å nytte seg av kollektivtransport! Det er sett opp festivalbussar frå Lærdal, Sogndal og Øvre Årdal. Bussane frå Sogndal og Lærdal har førehandssal på billettar som gjev garantert plass på buss tur/retur frå konserten (rutetider nederst i artikkelen). Festivalbussane har eigen stoppestad like utanfor inngangsområdet. Resten av Årdalstangen vil få styrt trafikkutvikling, og fleire stader vil bli tatt i bruk som parkering denne dagen. Kart over dei ulike parkeringsplassane er her. Parkeringsvakter vil rettleie dei som kjem med bil til riktig parkering, og ein må rekne 15-20 minutt gangtid frå parkeringa til festivalområdet.

Det er også vegarbeid i området rundt Årdal, både langs fv. 53 mellom Tyin og Øvre Årdal (Jåteli), samt langs fv. 53 frå Årdalstangen til Fodnes. Mellom Årdalstangen og Fodnes er det fri ferdsle fram til kl. 20.00, før vegen er stengt til kl. 21.25. Vi har fortløpande dialog med entreprenør langs vegen, og med velvilje frå både Vegvesenet og entreprenør i området har vi i utgangspunktet ei ekstra kolonne gjennom området mellom 20.00 og 20.30 onsdag 10. august.
Meierigata, Kaigata og Torget på Årdalstangen blir stengt for biltrafikk arrangementsdagen, frå kl. 12.00-20.00. Dette er for å sikre god trafikkstyring, best mogleg logistikk og ei tryggast mogleg avvikling av arrangementet. Festivalområdet opnar kl. 17.00, medan byte av billett til festivalband vil skje frå om lag kl. 15.00 utanfor området. Alle billettar vert scanna. Det vil bli sal av grillmat og drikke like utanfor festivalområdet, så dei som kjem rett frå jobb kan få kjøpt seg ein matbit også utanfor festivalområdet denne dagen. Inne i Meieriparken vil det også vere høve til å kjøpe mat og drikke, og onsdagsarrangementet er rusfritt. Det er ikkje høve til å ta med eigen mat og drikke inn på festivalområdet, ei heller profesjonelle fotoapparat og paraplyar.
Vi oppmodar flest mogleg å berekne god tid til arrangementet, men det er ikkje naudsynt å sitje heile dagen i kø utanfor området. Det er lurt å få i seg nok mat og drikke og ta omsyn til omgjevnadane. Vi oppmodar og foreldre til å la borna få sjå konserten, og det er ikkje høve til å ta born på skuldrane til foreldra, det vil gjere at alle bak ikkje vil sjå noko som helst.

Det er og mange som prøver å få kjøpt billettar til konserten gjennom ulike kanalar. Vi oppmodar alle om å vere forsiktige ved kjøp av billettar via tredjepart, då dette kan medføre at ein får falske billettar. Målrock nyttar Ticketfast, som gjer at billetten blir utlevert i PDF-format. Denne billetten kan berre løysast inn ein gong, og dersom fleire kjem med same billett vil dei bli avviste ved inngang. Vi gjer og merksam på at det ikkje er lovleg å selgje billettar til høgare pris enn pålydande.
Resten av Målrock held fram torsdag, fredag og laurdag med mellom anna artistar som Dizzy Mizz Lizzy (DK), Klovner i Kamp, Lars Vaular, Sondre Justad og DumDum Boys.

Bussruter onsdag 10. august til Marcus & Martinus:

Skyttelbussar frå Øvre Årdal frå kl. 16:00 (frå Myri i Utladalen, via skysstasjonen til Årdalstangen). Ingen førehandssal.

Frå Sogndal/Lærdal: Førehandssal her.

Frå Sogndal skysstasjon: 15:50

Frå Kaupanger: 16:05

Frå Håbakken: 16:15

Frå Lærdal: 16:25

Ankomst Årdalstangen: 17:00

Retur alle bussar frå Årdalstangen kl. 19:30.

Ankomst Lærdal ca kl. 20:05

Ankomst Kaupanger ca kl. 20:25

Ankomst Sogndal ca kl. 20:40.

I tillegg går det ordinær rutebuss frå Sogndal kl. 15:30 og frå Lærdal kl. 16:00.