#FÅ16 – bli med oss på tur!

By 4. august 2016Nyhende

MM_1200x625_v01_malrock16_09

I år som i fjor tilbyr vi nokre opplevingar utanom musikk- og kulturdelen av festivalen. Tre turar står på plakaten i år, og det er ikkje småtteri! Merk og at turane er for alle – ein treng ikkje ha festivalpass eller festivalbillett for å delta.

Onsdag 10. august er det sykkeltur frå Sletterust langs gamlevegen til 1000-meteren og ned igjen til Øvre Årdal. I godt vêr er dette ei oppleving du seint vil gløyme – biletet over er frå Rausdalen (som ein kan velje å ta turen innom om ynskjeleg). Transport er inkludert i billetten som du kan kjøpe her. Ta med eigen sykkel, eller gå turen til fots. Festivalsjef Katrine gjekk denne turen som er ca 14 km frå bom til bom (frå Sletterust til krysset inn mot Rausdalen) forrige helg, og vegen som er bygd i perioden 1910-1924 er eit imponerande skode som byr på ei heil rekke fantastiske utsiktspunkt og spektakulere stader. Oppmøte Utladalen Camping kl 09.00.

Torsdag 11. august er det årets topptur – i år går denne til Vestre Austbotntind på heile 2100 meter over havet. Transport er inkludert i billetten som du kan kjøpe her. Oppmøte og avreisepunkt for turen er Utladalen Camping kl 09.00. Vestre Austbotntind er ein av dei få Austbotntindane du kan komme til topps på utan å klatre. Vi reiser frå Årdal opp på Tindevegen og turen startar frå vegen her. Dersom vi har godt vêr byr denne turen på fantastisk utsikt over Jotunheimen. For dei som er klatrevande og har utstyr og kompetanse på dette er det sjølvsagt høve til å klatre opp på Store Austbotntind like ved. Gode sko og klede er naudsynt for denne turen.

Fredag 12. august byr vi på ei heilt ny oppleving – kajakkpadling! I samarbeid med nysatsinga til Bulder & Brak tilbyr vi kajakktur til Indre Ofredal. Der blir det open kafe. Kajakkturen krev ingen forkunnskapar, og billetten (kjøp her) inkluderer nødvendig forkurs før ein legg ut på tur, lån av kajakk og våtdrakt, samt transport til og frå. Oppmøte- og avreisepunkt for turen er Årdalstangen utanfor Klingenberg Hotel kl. 10.00.

Felles for turane er at dei kan bli endra/avlyst på kort varsel dersom dårleg vêr eller for liten påmelding. Dei som er påmelde får i så fall beskjed per e-post/SMS. Onsdag og torsdag er turane i regi Utladalen Camping, fredag i regi Bulder & Brak.