Indre Ofredal – open kafe!

By 9. august 2016Nyhende
Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Lyst til å oppleve noko heilt spesielt under Målrock? Ta turen til Indre Ofredal og besøk det gamle bruket heilt nede ved Sognefjorden! Her er det både høve til å overnatte og få omvisning, samt open kafê alle dagar frå 12-20.

Indre Ofredal er endepunktet for kajakkturen fredag 12.8, som enno har nokre ledige plassar her. For deg som berre vil ta turen ut er det bilveg skilta til Ofredal. På turen må du gjennom Ofredalstunnelen, ein av verdens brattaste vegtunnelar, og denne er ei oppleving i seg sjølv.