Marcus & Martinus – tips og triks

By 9. august 2016Nyhende

I morgon blir det fullt hus i Meieriparken på Årdalstangen i anledning konsert med Marcus & Martinus. Her er nokre tips til før morgondagen:

 

  • Følgjande er ikkje lov å ta med inn på festivalområdet:
    • Paraply
    • Flasker, mat og drikke
    • Campingstolar og liknande
    • Profesjonelle fotoapparat

 

  • Transport:
    • Vi kan ikkje garantere plass på buss for deg frå Sogndal/Lærdal om du ikkje har kjøpt billett på førehand. Vi har sett opp alt vi greier av bussar.
    • Alle bussar frå Sogndal kl. 15:50 er utseld og berre for dykk som har kjøpt billett på førehand. Ta med billetten og vis den til sjåføren på bussen.
    • Vi har sett opp ein ekstra buss frå Sogndal som går 15:30. Den kan du kjøpe billettar til her.
    • Buss frå Lærdal kl. 16:15 er nesten utseld.
    • Buss frå Øvre Årdal: 3 skyttelbussar går frå kl. 16:00 og i eitt fram til konsertstart. Her kjøper du billett på bussen.

 

  • Biltrafikk til og frå Årdal:
    • Lytt til parkeringsvaktene! Det er ikkje høve til å stoppe utanfor området for av- og påstiging.
    • Berekn god tid. Vi ventar stor trafikk på ferjesambandet Mannheller-Fodnes, noko som kan medføre ventetid.

 

  • Stengte vegar: Vi stenger ikkje heile sentrum i Årdalstangen. Gatene som er stengt er Meierigata, Kaigata og Torget. Hovudgata gjennom Årdalstangen sentrum (Statsråd Evensensveg) er open for trafikk.

 

  • Tips til dykk med born:
    • Avtal ein møteplass dersom ein kjem vekk frå kvarandre
    • Skriv telefonnummer og kontaktinformasjon til føresette på armen til ungane, så kan dei kontakte vaktene om dei kjem vekk frå foreldra.
    • Snakk med borna om kva dei skal gjere dersom det skjer noko uforutsett.
    • Pass på å ta på godt med klede.

 

  • Prøv å unngå å store vesker, sekkar og barnevogner då dette gjer at innsleppet går seinare.

Join the discussion 6 Comments

  • Eli Grotle sa:

    Hei
    Reknar med det blir teke høgde for at det er mange med billett som skal gå på på Kaupanger 16.05, slik at der er plass til oss også.

    Mvh Eli Grotle

    • maalrock sa:

      Vi har berre lagt ut billettar tilsvarande tal seter på bussane, så det skal gå fint. Busselskapet har fått beskjed om at bussane er fulle og ikkje opne for at folk utan førehandskjøpt billett kjem på.

  • Siri sa:

    Prøver å kjøpe biletter til bussen frå Sogndal 15:30. Vi er to vaksne og to born. Får ikkje kjøpt 4 bilettar samtidig. Får legge inn to bilettar to ganger viss eg har to nettsider åpne. Betyr det at det kun er 2 plassar igjen på bussen?

  • Astrid Lernes sa:

    Når Målrock set opp bussar til sine arrangement, og oppmodar på det sterkaste at vi som skal på konsert nyttar dette KOSTBARE tilbodet, er det svært skuffande at bussane ikkje hadde prioritet på ferja. Vi var to mødre med to born som valte buss frå Sogndal framfor å kjøre nettopp for å slippe å sitte i ferjekø. Det gjekk bra til Årdal, men ikkje tilbake. Då sto vi over fleire ferger. Dette hadde vi akseptert viss vi hadde kjørt bil, men ikkje når vi valte buss. Og det var mange i bussen som reagerte negativt på dette. Svært skuffande etter ein bra, men for oss ein KOSTBAR konsertoppleving.
    VISS DET VERT EIN NESTE GONG VIL VI NOK KJØYRE SJØLV!

    Vil også kome med eit tips til neste avvikling av ein konsert for barn/ungdom. Frå scena bør det bli oppmoda om at vaksne må sette seg ned slik at barna får sjå bra, alternativt ha eigne soner for born og vaksne. Det var tungt å ha guten min på ryggen under heile konserten.

    • maalrock sa:

      Hei! Fjord1 nekta oss fortrinnsrett for bussane våre dessverre. Vi prøvde på mange måtar, men Fjord1 var lite samarbeidsvillige på området. Det fekk vi ikkje gjort noko med, vi hadde ikkje trudd det skulle bli så trykk på bussane heller, så det blei mange fleire bussar frå Sogndal enn vi trudde det blei behov for. Då blei det og vanskelegare å få alle med på samme ferje tilbake.

      Det blei oppmoda frå scena om at dei vaksne måtte sleppe borna fram for at alle skulle få sjå. Fleire lytta, men mange retta seg ikkje etter oppmodingane. Dei aller fleste hadde ei fin oppleving, men vi har notert oss nokre element som er sentrale for tilsvarande slike arrangement i framtida, så dette var jo sjølvsagt ei nyttig erfaring for oss. Takk for innspel! 🙂