Billettkjøp – siste sjans før prisane aukar

By 11. august 2016Nyhende

Etter ein strålande start med Marcus & Martinus i går er vi klare for vidare festival i dag med Dizzy Mizz Lizzy (DK), STUV, Eva Weel Skram og Drusar! I dag er siste sjans til å kjøpe billettar før prisane aukar til dørsalspris!

 

Festivalpasset er for sal via nett til kl. 16:00 torsdag 11.8, medan prisane aukar i døra i dag. Kjøp billett her før det er for seint! Vi gjer merksame på at ungdomspasset ikkje er for sal ved inngong.

 

Byte av billett til festivalband og dørkjøp skjer frå kl. 18:30 i kveld i teltet ved inngongen til festivalområdet.

 

Prisar ved inngang:

  • Festivalpass kr. 1700,-
  • Dagspass torsdag kr. 750,-
  • Dagspass fredag og laurdag kr. 950,-
  • Enkeltbillett Skåri kr. 250,-

 

Til slutt vil vi gjerne takke alle våre gjester i går onsdag – tidenes besøk i Meieriparken! Takk til alle dykk som viste tolmod og fulgte oppfordringane våre om å ta bussen og lytta til parkeringsvaktene. Marcus & Martinus gjekk veldig fint, og vi er nøgde med oppslutnaden. No held festivalen fram i kveld og resten av helga. Vi gler oss til Dizzy Mizz Lizzy!