Kunstutstilling under Målrock!

By 11. august 2016Nyhende

kunstutstilling2016

 

Rigmor Fjeldstad er frå Årdal, men busett i Oslo, der ho er kunstnar, interiørdesignar og dekoratør, med diverse oppdrag i inn- og utland.

Fjeldstad har 7 års erfaring med drift av eige kunstgalleri, 13 års erfaring som billedkunstnar og 25 års erfaring som sjølvstendig næringsdrivande innan kunst, butikkinnreiing og design.

Eit av dei siste oppdraga har vore å male kulisser til bandet Blodsmak, som spelar på Målrock 12 august kl 2015. Sceneteppet er 12 * 5 m og viser eit øde fjelllandskap.

Under Målrock viser ho utstillingen «Lengt» med 13 maleri, samt trykk av maleria frå Blodsmak-kulisssane. Maleria er inspirert av Årdalsnaturen, lengten etter fjord og fjell og musikken til Blodsmak.

Fjeldstad malar med fargepigment og ei hemmeleg oppskrift på treplater eller lerret. Dette er ein eigen teknikk ho har utvikla sjølv etter å ha vore i lære hjå ein dansk kunstnar og på inspirasjonsreiser hjå ulike kunstnarar rundt om i verda. Ho malar lag på lag der ho skrapar i malingen for å få fram historien som ligg gøymt. Draumandes, men kraftig i uttrykket.

Det er 5 år sidan Rigmor Fjeldstad har hatt eigen separatutstilling. Det har vore mange kollektivutstillingar desse åra. No gledar ho seg til å halde utstilling i heimbygda og vise kva ho har jobba med.