Bussruter Skåri

By 12. august 2016Målrock 2016, Nyhende

I dag laurdag byr vi opp til regndans med Målrock under Skåri! I den anledning går det bussar til og frå arrangementet. Alle bussar til Skåri er gratis. Her er rutetidene!

Frå Årdalstangen:

Første buss går frå sentrum kl. 11:15, så går det ein ny buss 12:15, før det går 13:00 og 14:00.

Frå Øvre Årdal:

Første buss går frå Farnes kl. 11:40, her går det to bussar i skytteltrafikk kontinuerleg fram til kl. 13:00. Maksimal ventetid på bussen skal vere ca 30 minutt.  Så går det ein buss kl. 13:00, 14:00 og siste avgang kl. 14:30.

Retur etter arrangementet:

Første buss går 16:00. Arrangementet er ferdig kl. 15:45, så det er god tid til å gå ned til busstoppet. Då går det bussar til Årdalstangen og Øvre Årdal, og bussane køyrer i skyttel til alle har komt seg heim.