Tusen takk for i år!

By 14. august 2016Nyhende
Målrock 2016. Foto: Janos Foto

Målrock 2016. Foto: Janos Foto

 

Tusen hjarteleg takk for i år til alle saman! Målrock 2016 blei ei blaut og kald affære for mange av oss, men likefullt stilte eit rekordstort publikum opp og tok del i den fine festivalen vår. Takk! Totalt viser tala no drøye 9200 besøkande over fire dagar, og det er solid Målrockrekord. Marcus & Martinus ga den fjortande Målrockfestivalen ein veldig god start, før Dizzy Mizz Lizzy spelte fletta av alle torsdagskvelden. Fredag og laurdag stod høgdepunkta i kø, sjølv om fredag og laurdag i Skåri blei ganske blaut for både artistar, arrangørar og publikum. Målrock har i år fått gleda av novembervêr i august, men det fins jo ikkje dårleg vêr… Støvlar, fjellsko og regnklede fekk lufta seg litt i helga, men vêret får ein ikkje gjort stort med.

 

No ventar nokre rolige dagar før vi tek fatt på planlegginga av Målrock 2017 – den femtande i rekka! Målrock 2017 finn stad 9-12. august og alt no kan du sikre deg festivalpass til skampris. Salet startar 15. august kl 09.00 og billetten kostar 990,- inkl avgift. Avgrensa tal billettar, kjøp her! Bli og gjerne med på hendinga på Facebook.