Tilbakeblikk!

By 26. august 2016Målrock 2016, Nyhende

Tilbakeblikk! Det er no eit par veker sidan vi kunne nyte tonane av Målrock i Årdal. Her er eit lite fotogalleri frå nokre av våre eminente fotografar. Sjå stort galleri nederst i artikkelen.

Vi la ut 200 rabatterte festivalpass til Målrock 2017 alt mandag etter festivalen var over. Alle 200 blei rivne vekk på ein dag. Neste høve til å sikre seg rabatterte festivalpass blir inn mot jul, før vi startar ordinært sal 1.1.17. Målrock 2017 blir altså 9-12. august. Vi gler oss allereie!

Nyleg blei og premiane til årets vinnarar i Blås Grønt-aksjonen for ungdom mellom 13 og 20 delt ut. Som vanleg var det flotte premiar, og her er alle vinnarane:

Gåvekort kr. 3000,-: Sverre Myklevold og Synne Haug

Festivalpass Målrock 2017: Tonje Lomheim og Sondre Hatlenes

Gåvekort kr. 1000,- (blåste grønt både fredag og laurdag): Preben Raudi, Lisa Horpen

Gåvekort 500,-: Tøger Rønningen, Nikolai Stavedal, Øyvind Valsvik og Tobias Herstad,

Gåvekort kino: Susanne Myrland, Stine Lundeberg Holelien og Katrine Walaker (blåste grønt både fredag og laurdag).

 

Vi nyttar igjen høvet til å takke årets bidragsytarar i Blås Grønt-aksjonen: Årdal Kjemiske Fagforbund, Årdalsnett, Årdal Optikk, Olav O. Hæreid, Bunnpris, Norconsult, Fagforbundet Årdal og Hydro Aluminium.