JANOVE & HJERTESLAG TIL MÅLROCK 2017!

By 10. desember 2016Nyhende

Målrock med førjulsgåve til festivalfolket, ein Kaizer i nye klede og brennheite hjarteslag frå Bergen, ferdig utpakka under juletreet.

Hausten er lang, og det har gjengen i Målrock utnytta særs godt. Det er to brennaktuelle artistar som er klare for meieriparken og det er med stor glede at Målrock presenterar desse allereie før jul.

JANOVEjanove

Ingen har meir karisma på scena enn Jan Ove Ottesen, han har den sjeldne evna å kunne trollbinde eit publikum på eiga hand. No returnera han til Målrock, men denne gongen utan Kaizers Orchestra i ryggen.

Janove har jobba intenst med soloprosjektet sitt siste året, og kjem ut med ny plate i februar 2017. Visst resten av plata blir like fantastisk som dei 5 singlane som har fått mykje speletid på radio siste året, så har me noko å sjå fram til.

Med låten «Regnbuen Treffer Ikkje Lenger» har Janove lagt lista høgt for kva me har i vente, den framførte han fyrste gong under Spellemannsprisen i 2015 på vanleg karismatisk stil og sidan har me vanta i spaning på meir. Med utselde konsertar i Stavanger og Bergen så vitnar dette om eit etterlengta gjensyn med «kaizaren i nye klede».

 

Hjerteslag

Bergensrockarane har teke musikknorge med shjerteslag007torm denne hausten etter utgjevinga av albumet «Vannmann86», som Dagbladet kåra til Norges nest beste plateutgjeving, samt at Musikknyheter.no nylig kåra singelen «Sangen Til Sonja» til årets beste låt.

Hjerteslag har teke nye steg sidan førige utgjeving «Möhlenpris Hotel», som må seiast var ein formidabel suksess. Bandet som er samanlikna med både Morrisey og The Cure har funne stilen sin og publikumet veks stadig. Det er berre til bestille plass framfor scenekanten i meieriparken, dette blir enormt!

 

”Det er veldig kjekt å kunne presentere dei to fyrste artistane til Målrock 2017, allereie før jul,” seier festivalsjef i Målrock, Thomas Norheim Moen. ”Me er veldig nøgde med å kunne gje ei slik førjulsgåve til Målrockpublikummet. Med JANOVE og Hjerteslag har me to artistar med breidt nedslagsfelt og det er meir i vente. Det er berre til å glede seg til 2017-utgåva av Målrock i Årdal.»

 

Målrock 2017 går av stabelen i Årdal 9-12. august. Booking er godt i gang og programmet byrjar å ta form.

Juletilbud på festivalpass kr. 1250,- + avgift fram til 1. januar 2017, deretter kr. 1450,- + avgifter fram til 15. juli 2017.

Kjøp billettar her!

Bli med på Målrock 2017 på Facebook!