Sondre Lerche & Brut Boogaloo kjem til Målrock for fyrste gong!

By 22. desember 2016Nyhende

Målrock med nok ei julegåve, denne gongen pakkar me ut Sondre Lerche og «energirockarane» i Brut Boogaloo.

Det er ei særs stor gleda å få presentere to heilt ulike artistar to dagar før jul. Med nissehuva på snei så ynskje bookinggruppa, Sondre Lerche og Brut Boogaloo velkomen til Målrock og Årdal for aller fyrste gong.

 

Sondre Lerche sondre-l_4

Slo gjennom med eit brak Norge i 2001 med albumet «Faces Down» og seinare internasjonalt med andreplata «Two Way Monologue». Lerche er sjeldan vare, han innehar eit unikt talent og leikar seg med inspirasjon frå alle kantar, noko som resultera i eit heilt særeige lydbilete. Verda rundt har trykt han til seg og han er særs etterspurt frå fleire hald. Han har vunne Spellemannsprisen, spelt live på store amerikanske tv-show, skreve filmusikk som har hausta strålande kritikkar, delteke på fleire større hyllestkonsertar og vore mentor i The Voice på tv2. Denne karen har trass sin unge alder etablert seg som ein av dei verkeleg store artistane frå Norge. Sjølv med heile 8 plateutgjevingar bak seg, ser Sondre Lerche stadig framover mot nye eventyr og vil nok leike seg med musikken i mange år framover. At han no kjem til Målrock, er berre heilt fantastisk!

 

 

Brut Boogaloo pressebilde-brut

Dette er eit band me har lenge hatt lyst til å vise fram for festivalfolket til Målrock. Oslobandet med nære tilknytingar til Thulsa Doom, er kjent for særs fengande og heftig syttitalsrock. Det er umogleg å ikkje rocke med når Brut Boogaloo står på scena. Dei har nyleg signert med nytt plateselskap og kjem med ei rykande fersk plate i 2017, den tredje i rekka. Fyrste singel blir slept fredag 24. februar. Me gleda oss til heftig retro-rock i meieriparken i august 2017!

 

”Det er alltid stas å kunne presentere artistar som ikkje har spelt på Målrock tidlegare,” seier festivalsjef i Målrock, Thomas Norheim Moen. «Me er veldig nøgde med å gje nok ei julegåve til Målrockpublikumet. Med Sondre Lerche og Brut Boogaloo har me to artistar som har heilt ulike musikkuttrykk, og det vil garantert glede musikkentusiastar som vitjar festivalen vår. Det er berre til å forberede seg til ei særs spanande 2017-utgåve av Målrock i Årdal.»

 

Spar kr. 400, – juletilbod festivalpass

Målrocknissen vil spreie juleglede til festivalfolket, no kan du spare kr. 400,- med å nytte deg av juletilbod på festivalpass, kun kr. 1250,- eks. avgift (veil. pris kr 1650,-) – tilbodet gjeld til og med 31.12.2016. Ynskjer du å gje nokon eit bidrag til festivalpass som julegåve, så er eit lite tips å kjøpe gåvekort hjå Ticketmaster som igjen kan nyttast som delbetaling på festivalpass til Målrock.

 

Målrock 2017 går av stabelen i Årdal 9-12. august. Booking er godt i gang og programmet byrjar å ta form, tidlegare er både Janove og Hjerteslag annonsert klare for Målrock.

 

Kjøpe festivalpass til juleprisar her!

Bli med på Målrock 2017 på Facebook!