Gabrielle kjem til Målrock 2017!

By 25. februar 2017Målrock 2017, Nyhende

Det blir sommar, det blir sol og det blir Gabrielle – endeleg skal ho tilbake til Målrock, der ho ved førige besøk imponerte med ein historisk konsert som fekk heile meieriparken til å dirre i ekstase.

 

Gabrielle

Etter 1 år i studio er bergensartisten aktuell med ny musikk. Tidlegare i år kom singelen «Vekk Meg Opp» som har fått god mottaking og vart vekas låt på P3. Det er mykje meir i vente frå den kanten, framover vil Gabrielle på kvar siste fredag i månaden sleppe ein ny singel.

 

Gabrielle slo i gjennom som artist i 2011 med debuthiten «Ring Meg» frå albumet «Mild Sagt», som vart spellemannsnominert og selde til dobbel platina. Åra etter turnerte ho mykje på festivalar og konsertscener, og utvikla etter kvart eit modnare uttrykk som resulterte i mellom anna superhiten «Fem Fine Frøkener» som herja hitlistene i 2014. Same år opptredde ho på Nobel Price Concert som gav ho merksemd lang utover landegrensene.

 

Nytt publikum gjennom Skam

Musikken til Gabrielle har blitt flittig brukt i NRK-serien Skam, og etter at serien vart populær i både Sverige og Danmark, har nabolanda våre endeleg fått augene opp for musikken til Gabrielle. Monsterhiten «Fem Fine Frøkner» frå 2014 har fått nytt liv og ligg i toppen av spotifylistene hjå våre skandinaviske vener.

 

«Me er grenselaust nøgde at Gabrielle er klar for Målrock», seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «Dette noko for alle, musikken hennar treff eit breitt publikum, noko me opplevde førige gong ho vitja festivalen vår. Så er det sjølvsagt midt i blinken for Målrock at ho syng på norsk».

 

Målrock 2017 går av stabelen 9-12. august, og festivalpass kan du sikre deg her. Dagsbillettar vert lagt ut på eit seinare tidspunkt. Fleire artistar kjem!