Thomas Dybdahl & Greni klar for Målrock 2017!

To av dei største innan norsk musikk, Thomas Dybdahl og Greni, skal krydre årets festival. Desse artistane har begge utvikla eit unikt musikalsk uttrykk, og det er med stor glede at Målrock ynskjer dei velkomen til Årdal.

 

Thomas Dybdahl

Med ny plate ute i år er den rutinerte artisten omtrent like aktuell som då han slapp gjennombrotsplata «That Great October Sound» i 2002. Med den plata vann Dybdahl Spellemannsprisen for beste popsolist, og vidare Alarmprisen for beste album. Han bygd seg opp som ein av dei store folkekjære artistane i Norge, og har eit stadig veksande internasjonalt publikum. Med denne ballasten var det heilt naturleg at Thomas Dybdahl entra Operaen i Oslo 18. desember, konserten var ikkje uventa utselt. Den nye plata «The Great Plains» har hausta gode kritikkar, ei plate der han har samarbeida med andre artistar som blant anna Ingrid Helene Håvik frå Highasakite.

Thomas Dybdahl

 

Thomas Dybdahl fekk for fyrste gong merksemd då han spelte gitar i «funky-acidjazz ensembelet» Quadraphonics, som hadde mange norske tilhengjarar og som turnerte blant anna i Canada og USA i byrjinga av 2000-talet. Samstundes med suksessen som solo-artist, samla Thomas Dybdahl eit knippe musikarvener frå mellom anna BigBang og Jaga Jazzist, og starta opp The National Bank, som fekk Spellemannsprisen for beste popgruppe i 2004. No endeleg er Dybdahl klar for meieriparken og Målrock!

 

 

Greni

Øystein Greni si fyrste soloplate «Pop Noir» kom ut 24. mars i år, og er såleis rykande fersk, men har allereie rukke å få terningkast 5 av Dagbladet, Aftenposten og Feedback. Det er fremdeles eit solid og lettkjenneleg BigBang lydbilete, men det er ingen tvil om at Greni har henta inn nye inspirasjonskjelder, og det har han verkeleg lukkast med.

Foto: Anthony Huus

 

BigBang, eit av dei største norske rockebanda dei siste to tiåra, har pause på ubestemt tid. Men når sjefen sjølv, Øystein Greni entrar Målrockscena i meieriparken som soloartist er det med same herlige energien som før. Greni gledar seg til å spele dei nye låtane sine, samt krydre med det beste frå Bigbangkatalogen, ikkje fordi han må, men fordi han vil. Dette blir ein forrykande konsert!

 

«Me er stolte av å kunne presentera to så store artistar til Målrock», seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «Dette er artistar som har utvikla eigne musikalske uttrykk, og som har eit internasjonalt publikum. Med Dybdahl og Greni blir det melankoli, energi og musikk av ypparste kvalitet».

 

Målrock 2017 går av stabelen i Årdal 9-12. august, artistar som allereie er klare for årets festival er Janove, Gabrielle, Brut Boogaloo, Sondre Lerche og Hjerteslag.

Festivalpass kan du sikre deg her. Dagsbillettar vert lagt ut ved eit seinare tidspunkt.