TNT, CC Cowboys, Verdsmannen Thorbjørnsen, Chris Thompson & Mads Eriksen band til Målrock 2017!

Torsdagsprogrammet til Målrock er ferdigspikra. Det blir heavy glam metal med legendariske TNT, det blir nostalgisk allsong med CC Cowboys, det blir eit spanande møte med Verdsmannen og ikkje minst ei dannelsesreise innan klassisk internasjonal rock med legendane Chris Thompson & Mads Eriksen band. Med andre ord så blir det ein herleg «kjemisk musikalsk reaksjon» ingen bør gå glipp av.

 

Chris Thompson

Chris Thompson & Mads Eriksen band

Chris Thompson var vokalist og frontfigur i det legendariske bandet «Manfred Mann’s Earth Band». Bandet var på 70-tallet eit av verdas største band. På repertoaret står sjølvsagt ei rekke Manfred Mann-klassikarar. Superhits som «Davy’s On The Road Again», «Blinded By The Light», «Mighty Quinn», «For You», «Questions» samt «Spirits in the Night» er låtar som vil ljoma i meieriparken på torsdagskvelden under årets Målrockfestival.

Dei siste åra har Chris Thompson & Mads Eriksen band spelt rundt 20-30 konsertar i Tyskland årleg. Nyttårsafta 2011 spelte dei på Brandenburger Tor framføre titusenar av frammøtte! Allereie før Mads Eriksen gav ut si fyrste soloplate i januar 1990, hadde det anerkjente magasinet Guitar Player profilert den norske gitaristen med ein panegyrisk omtale. Albumet ”Journey” fekk blendande kritikkar i same magasin, og dei omtalte supergitaristen som ei krysning mellom Eddie Van Halen og Joe Satriani. Det er berre til å stålsetja seg for ei enorm musikalsk oppleving i Meieriparken.

 

TNT

TNT

Med Tony Harnell, Ronni Le Tekrø og Diesel Dahl i spissen er TNT tilbake og det meldast at dei er i knallform. Gutane er studio og kjem med eit etterlengta album neste år, som vitnar at dei framleis har drivet i seg. Samstundes feirar TNT 30-års jubileum for den legendariske plata «Tell no Tales» som dei fekk spellemannspris for i 1987, og som hamna inne på den offisielle topp 100-lista til Billboard i USA. Dette vil dei feire med ein heidundrande konsert på Målrock. Med hits som «Seven Seas», «Everyone’s a Star» og «10.000 Lovers» blir dette ein forrykande avslutning av torsdagskvelden i Meieriparken.

 

 

Verdsmannen Thorbjørnsen

 

 

Verdsmannen Thorbjørnsen

«Vi treng trøyst» heiter den rykande ferske plata til Ketil Thorbjørnsen, eller Verdsmannen som han etter kvart er blitt kalla, og det ligg an til eit verkeleg gjennombrot for den dyktige, ivrige og audmjuke artisten. Både tekst og musikk har teke enda meir form etter debutplata «Verdsmannen», noko Thorbjørnsen, musikarane og produsenten Alf Magne Hillestad skal vere stolte over. Med singelen «Svik» kasta Verdsmannen seg inn i flyktningdebatten. Låta provoserte mange, men gleda fleire. Dei som tek turen blir iallfall ikkje svikne, Verdsmannen vil garantert skape god stemning i meieriparken.

 

CC Cowboys

Eit av dei største norske rockebanda dei siste 25 åra kjem attende til Målrock og skal saman med TNT, Verdsmannen, Chris Thompson & Mads Eriksen band gje oss ein heftig Målrocktorsdag i Meieriparken. Med Magnus Grønneberg i spissen vil CC Cowboys spela eit arsenal av hits mellom anna frå det fantastiske debutalbumet «Blodsbrødre». For å toppe det heile, så er CC Cowboys i desse dagar ute med to rykande ferske singlar «Hun er havet» og «Gudinner». Det er like godt å sikre seg festivalpass med det same, dette blir vilt, vakkert og rått!

CC Cowboys

 

Historisk samarbeid med Årdal kjemisk

Målrock er særs audmjuke og takksam for at Årdal Kjemisk vil nytte Målrocktorsdagen til å feire 70-års jubileum. Med oppsparte midlar vil Årdal Kjemisk gje sine medlemar ei ekstra spesiell feiring saman med trufaste Målrockarar på torsdagen under årets Målrock. Med TNT, CC Cowboys, Verdsmannen Thorbjørnsen, Chris Thompson & Mads Eriksen band får 70-års jubilanten ein heftig velfortent bursdagsfest!

«Me er stolte og audmjuke av å kunne presentera desse artistane til Målrock», seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «Me lyt takka Årdal Kjemisk for at dei bidreg til at Målrock kan arrangere eit slikt torsdagsprogram, det vitnar om at Årdal ser på Målrock som ein kulturell arena ein verkeleg vil stø oppunder».

Målrock 2017 går av stabelen i Årdal 9-12. august, med blant anna Janove, Gabrielle, Thomas Dybdahl, Greni, Sondre Lerche, TNT, Chris Thompson & Mads Eriksen band, CC Cowboys, Brut Boogaloo, Verdsmannen og Hjerteslag på plakaten, og fleire kjem…

Festivalpass kan du sikre deg her. Dagsbillettar vert lagt ut for sal ved eit seinare tidspunkt.

Join the discussion 2 Comments