Artistprogrammet for Målrock 2017 er komplett!

SISTE ARTISTANE ER ENDELEG KLARE FOR ÅRETS FESTIVAL – DAGNY, RALPH MYERZ & THE JACK HERREN BAND, STRUPETAKARANE, MAS OG LOTHEPUS KOMPLETTERA EIT FANTASTISK ARTISTPROGRAM TIL MÅLROCK 2017.

 

Ralph Myerz & The Jack Herren Band

Ralph Myerz & The Jack Herren Band

Frå Bergen kjem det det mest rocka electronicabandet i verden og liveshowa til Ralph Myerz & The Jack Herren Band er sterkt inspirert av heltane deira i legendariske KISS. Med kombinasjon av ulike slaginstrument og pyroteknikk har bandet eit internasjonalt ry med legendariske konsertar og dette fantastisk unike sirkuset kjem no til Målrock – dette blir garantert eit høgdepunkt under laurdagens program i meieriparken.

 

Dagny

 

Dagny

Frå Tromsø kjem ei av dei aller største popstjernene Norge har å by på. Dagny, som hoppa av ei lovande modellkarriere for å satse på musikken, har verkeleg teke solide steg inn i den krevjande internasjonale pop-industrien. Med platekontrakt i same selskap som Ariana Grande, The Weeknd og Demi Lovato så snakkar me ekte popstjerneformat. Med låtar som «Backbeat» og «Fool’s Gold» har Dagny enormt med avspelingar på Spotify, og med si energiske og karismatiske sceneframføring har Målrockpublikummet verkeleg noko å glede seg til.

 

 

Strupetakarane – foto: Elin Hæreid

Strupetakarane

Notatstativ-pønkarane frå industrimetropolen Årdal kjem attende til Målrock! Langt vekke frå det glamorøse popstjernelivet i LA har Strupetakarane etablert seg som sjølve Målrockbandet. På heimebane har dei delt scene med dei største artistane frå inn og utland, og har som oftast hausta meir applaus enn nokon andre i Meieriparken. Strupetakarane er attende!

 

Lothepus – foto: Stian Servoss

 

Lothepus

Skytebas, sexsymbol, kultfenomen, rikskjendis Lothepus er kjent frå tv-serien Fjorden Cowboys og som vinnar av årets Farmen Kjendis. No kjem han til Målrock for å spele med bandet sitt ved arrangementet Under Skåri, laurdag 12. august. For ved sida av handtering av dynamitt, store maskiner og eit liv på kanten så er også Lothepus artist. Med sitt svært så eminente band reiser han land og strand og trekk fulle hus med publikum i alle alderstrinn. Blir det trongt om plassen så fortvil ikkje, skytebasen Lothepus har sikkert dynamitt i gitarbaggen!

 

 

MAS – foto: Lasse Aannevik

 

MAS

Årets bidrag frå Hugin Musikkforum til arrangementet Under Skåri, blir dei unge lovande og sjarmerande jentene i gruppa MAS. Dei fekk sin elddåp under årets påskerock som gjekk av stabelen på Bakeriet i Øvre Årdal. Der fekk dei verkeleg visst fram talentet sitt for eit vakse publikum, og lovorda lot ikkje vente på seg. Matilde Dvergedal, Aurora Holsæter og Selina Myrmel Gram har mykje moro i vente, og saman med Lothepus så blir det eit formidabelt arrangement for festivalfolket og barnefamiliar Under Skåri.

 

Festivalsjefen om årets artistar

«Det er eit særs solid og unikt artistprogram for årets festival, noko me er veldig stolte av, seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «Eit veldig variert program med artistar som me gleda oss til å vise fram til publikum, storparten av artistane har aldri spelt på Målrock tidlegare og nettopp det er viktig for ein festival som Målrock».

Målrock 2017 går av stabelen i Årdal 9-12. august, med Janove, Gabrielle, Thomas Dybdahl, Greni, Ralph Myerz & The Jack Herren Band, Sondre Lerche, TNT, Dagny, Chris Thompson & Mads Eriksen Band, Lothepus, Verdsmannen, CC Cowboys, MAS, Brut Boogaloo, Strupetakarane og Hjerteslag på plakaten, og så vil det snart bli annonsert ei lokal tilstelling i Kulturhuset under onsdagsarrangementet til Målrock.

Fram til 15. juli er det det sommarprisar på billettar til årets Målrockfestival!

Festivalpass kan du sikre deg her!     Dagsbillettar kan du sikre deg her!