Busstider klare, unikt hotelltilbod!

By 5. juli 2017Nyhende

Det er snart berre ein månad til det smell i Meieriparken, og no er litt praktiske detaljar klare.

Unik hotellpakke!

Klingenberg Hotel, vårt festivalhotell, er normalt sett fullbooka av festivalen heile helga, men i år har vi nokre få rom ledige frå torsdag-fredag. Dei er no lagt inn i ei pakke med inkludert torsdagsbillett, frå 1500,-. Booking skjer direkte til vivian@klingenberghotel.no.

 

Festivalbuss:

Målrock organiserer lokaltransport til og frå Øvre Årdal/Svalheim, Lærdal og Sogndal under festivalen, tilpassa festivalens program. Alle tidene kan du finne her. Det er lite endringar frå tidlegare, men nytt av året er at vi set opp nattbuss til Lærdal/Sogndal torsdag kveld etter ønsker frå dykk, så for alle som ynskjer å reise trygt heim til Sogndal/Lærdal er det i år høve til det. Vi vidarefører og fjorårets ordning med busspass for bussane i Årdal, dette kjem ut for sal om ikkje lenge og dekkar all lokalbuss i Årdal, inkludert nattbussar. Obs: Tidene kan bli endra.

Festivalcamp og Camp Utla:

For deg som syns det er kjekkast med festivalcamp er det no høve til å førehandsbestille festivalcamp-billettar, det gjer du enkelt her. Det er og ledige plassar på Utladalen Camping, der vi køyrer buss til og frå alle dagar, for deg som ynskjer det litt roligare og kanskje festivalovernatting under tak.

 

Vi minner og om at alle festivalbillettar aukar i pris frå og med 15. juli. Det vil seie at dersom du ynskjer å sikre deg rimelegaste billett til årets festival må du handle via Ticketmaster seinast fredag 14. juli kl. 23.55!