Billettar – på tide å sikre seg!

By 11. juli 2017Målrock 2017, Nyhende

Det nærmar seg festival, i skrivande stund berre ein knapp månad til vi opnar portane i Meieriparken og er klare for den femtande utgåva av Målrock!

Samstundes er det på tide å sikre seg billettar, alle prisar aukar ved midnatt til 15. juli, så om ein vil sikre seg festivalbillett til gunstigast mogleg pris bør ein handle no! Billettar kjøper du via Ticketmaster. Siste frist for beste pris for årets festivalprogram er altså fredag 14. juli.

Vi får nokre spørsmål om kvifor laurdagsbilletten er dyrare enn fredagsbilletten, og dette er fordi det i år er inkludert inngong på Målrock under Skåri i dagsbilletten for laurdag. Vi vil også i år ha busspass for deg som køyrer festivalbuss i Årdal. Enkeltbillettar til Målrock under Skåri vert ikkje lagt ut for førehandssal i år. Vi minner og om at skal du ha festivalpass for ungdom til og med 19 år MÅ dette førehandskjøpast, vi sel ikkje dette ved dørsal. Førehandssalet av festivalpass stenger 10. august kl. 16.00. Er du lur kjøper du billetten allereie no…

Billettar kjøper du her!