Lokal framsyning i Årdal Kulturhus under Målrock-onsdagen!

Målrock har den store gleda å få presentera ei spanande lokal framsyning under onsdagsprogrammet til Målrock 2017. Anne Grethe Søfting og Steinar Fodnes har satt saman eit prosjekt av lokale musikarar og skodespelarar med visjon om å kaste lys over Ludvig Søfting sine dikt og tekstar frå ei svunnen tid.

 

Ludvig Søfting 1926-1986

Med sitt daglige arbeid på aluminiumsverket i Årdal i nesten 40 år, så hadde kanskje Ludvig Søfting behov for å uttrykkje seg på andre måtar enn den meir røffare industrisjargongen som elles prega kvardagen. Uansett bakgrunn så etterlet Ludvig seg ei rekkje dikt, noveller, andre tekstar og teikningar.

 

Ludvig i ord & tonar

Saman med Steinar Fodnes, har Anne Grethe Søfting samla eit knippe lokale musikarar til å setja tonar til nokre av dikta til Ludvig Søfting. I sin heilskap vil framsyninga innehalda dikt, song, bilete og dramatisering. Dei som skal bidra med dette er Laila Asperheim, Merete Hjelle, Sigyn Øre, Mathias Degnepoll Øren, Tea Berg, Fredrik Haug Johansen, Årdal Blueslag, Raoskinn, Free Birds, Steinar Fodnes og Anne Grethe Søfting. Dette er eit særs spanande prosjekt og vonar at mange vil ta turen til kulturhuset onsdag 9. august.

 

«Dette er eit særs spanande lokalt prosjekt og Målrock er veldig begeistra over at Anne Grethe og Steinar vil nytte Målrock som arena for denne framsyninga, seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «Det vitnar om at Målrock er den kulturmotoren me ynskje å vera i Årdalssamfunnet, og det gjer at programmet vårt er særs variert og vil gleda mange».

 

Målrock 2017 går av stabelen i Årdal 9-12. august, med Janove, Gabrielle, Thomas Dybdahl, Greni, Ralph Myerz & The Jack Herren Band, Sondre Lerche, TNT, Dagny, Chris Thompson & Mads Eriksen Band, Lothepus, Verdsmannen, CC Cowboys, MAS, Brut Boogaloo, Strupetakarane og Hjerteslag på plakaten.

 

NB! For onsdagsarrangementet i Årdal Kulturhus, så gjeld ikkje festivalpass. Det vil bli lagt ut om lag 300 sitteplassbillettar via Årdal kommune sitt eBillettsystem. Pris kr. 275,- pluss avg. Framsyninga startar kl. 19:00, og tidene er tilpassa rutebuss til og frå Øvre Årdal.

Join the discussion 3 Comments

  • Borgny Stølen sa:

    Skulle så gjerne fått tak i billett til Ludvig Søfting-forestillingen i Årdal kulturhus 9. august. Er det mulig? I så fall tar jeg turen til Årdal i forbindelse med Målrock, og kanskje får med meg andre aktiviteter med det samme 🙂
    Vennlig hilsen
    Borgny Stølen

    • maalrock sa:

      Hei! Ja, vi ordnar det. Billettar kjem for sal i nær framtid når vi får klargjort alt. 🙂

  • Severin sa:

    No sit eg på Kreta og er yrende glad. Kompisen min <3