Under ei veke til det brakar laus!

By 4. august 2017Målrock 2017, Nyhende

No er det berre nokre få dagar til det brakar laus i Årdal med årets utgåve av Målrock! Onsdag 9. august kl. 19:00 startar den offisielle Målrock 2017 med tingingsverket «Ludvig i ord & tonar» i Årdal Kulturhus. Billettar til denne framsyninga kjøper du her.

Programmet finn du her, med både speletider og alt du treng å vite. Vi gler oss!

Det er gjort mindre endringar i transport-tidene, særleg i retning Sogndal og Lærdal, så reiser du til og frå her ber vi deg sjekke ein ekstra gong. I korte trekk går det rutebussar til Årdal alle dagar, og vi set opp festivalbuss frå Sogndal på laurdag når det ikkje går rutebuss. Vi har i tillegg lagt ut busspass for Årdal for sal, dette dekkar festival- og nattbuss heile helga i Årdal. Alle andre bussbillettar kjøper du ombord på bussen.

Billettsal: Alle billettar vert utilgjengelege same dag som arrangementet kl. 17:00. Etter dette vil det berre vere høve til å kjøpe billettar i døra, noko som er dyrare enn billett kjøpt på nett. Vi sel billettar frå kontoret vårt i Meierigata mandag og tysdag frå 11-13, samt onsdag frå 17:00 i Øvre Årdal og torsdag frå 11-13 på Årdalstangen. Frå og med tysdag vert det og høve til å få bytt billett til festivalband.

 

Er det elles noko du lurer på kan du kontakte oss. Vi svarar og på meldingar på vår Facebook-side.