Klingenberg Hotel, Strondi Kafe og Målrock

By 8. august 2017Målrock 2017, Nyhende

Dei siste åra har det vore ei hektisk helg for våre samarbeidspartnarar på Klingenberg Hotel under Målrock. Stiftinga Målrock har eit omfattande samarbeid med Klingenberg og får disponere hotellet under festivalen. Strondi kafe og pub blir i år også ein del av festivalområdet. Kapasiteten der er avgrensa og stiftinga ynskjer at festivaldeltakarane skal bli tekne godt vare på i helga. Godkjent dagsbillett eller pass vil gjelde for adgang til dei ulike dagane når festivalområdet er opent frå og med torsdag kveld kl 18:30 til og med festivalslutt laurdag kveld.

Dette er eit samarbeid mellom Målrock og Klingenberg for å skape best mogleg ramme for festivalgjestene våre. Vi gler oss til nok eit år med godt samarbeid med Klingenberg Hotel!