Klar for Skåri?!

By 11. august 2017Målrock 2017, Nyhende

I morgon smell det i Skåri!

Bussar: Det går buss frå Årdalstangen (Torget) kl 11:30 og 12:25. Skyttelbuss frå Øvre Årdal Farnes starar å gå kl. 11:40 og går i eitt til kl. 13:00. Siste avgang ca kl 13:00. Avgrensa parkering og regulert trafikkavvikling langs vegen til Hjelle. Vi oppmodar alle som kan til å ta buss, sykle eller rusle framover.

For de som kjem med born er det høve til gratis ansiktsmaling i Skåri i løpet av formiddagen. Laurdagspasset og festivalpasset gjev gratis inngang i Skåri, og arrangementet er gratis for alle under 16 år. Enkeltbillett kan du kjøpe ved inngangen, og kostar kr. 200,-. Du kan betale med både kort, kontant og Vipps i Skåri. 🙂