Tusen takk for i år!

By 13. august 2017Nyhende

Målrock 2017 er historie! Eitt år med førebuingar, mange timar arbeid og planlegging, samt opprigging og gjennomføring er over. Det aller meste har gått som planlagt, og det har vore ei fantastisk helg med festival! Minna er mange, og augeblikka enno fleire.

På vegne av Stiftinga Målrock ynskjer vi å takke alle artistar, vakter, frivillige, samarbeidspartnarar og ikkje minst festivalstaben som har stått på dag og natt for å stable festivalen på beina. Ei heilt spesiell takk må vi rette til alle dykk som tok turen til årets Målrock.

Totalt var om lag 5900 personar innom årets festival, noko som er ein del færre enn vi håpte på. På bakgrunn av dette må vi ta ei grundig gjennomgang dei næraste dagane og utover hausten på kva vi gjer vidare med festivalen inn mot 2018, og kjem med nyhende når vi har betre oversikt enn vi har dagen derpå… Vi er svært takksame for all støtte og gode ord vi får for innsatsen vi legg ned – det er dette som driv oss framover. Tusen takk!