Målrock 2018!

By 30. september 2017Målrock 2018, Nyhende

Det er ei stor glede for oss i Stiftinga Målrock å offentleggjere at det blir Målrock i 2018! Årets festival gjekk bra, men med litt lågare besøkstal enn vi håpte på, noko som saman med eit skuffande 2016 gjorde at framtida til festivalen var usikker. Heilt sidan festivalen blei avslutta i august har vi jobba mykje med å finne ei løysing og ein plan for vidare drift etter at både publikum og samarbeidspartnarane våre har signalisert at Målrock er viktig for Årdal. For eit par veker sidan fekk vi til ein avtale som sikrar Målrock 2018, og vi har no starta planlegginga av neste års festival.

 

For 2018 har vi bestemt oss for å gå eit steg tilbake til utgangspunktet – fredags- og laurdagsfestival. Målrock vert dermed to dagar, og vi flyttar festivalen ei veke fram i tid etter innspel frå publikum. Bookingarbeidet er i gang, og i løpet av oktober vil vi sleppe både fyrste artist og eit avgrensa tal tidleg-billettar til 2018-festivalen.

 

Målrock 2018 går av stabelen 3. og 4. august 2018. Vi vil gjerne nytte anledninga til å takke Indre Sogn Sparebank og Hugin Musikkforum som begge har bidratt til at vi no kan starte å jobbe mot og glede oss til enno ein Målrockfestival i Årdal. Vi ynskjer og å rette ein takk til alle andre involverte i Målrock, alle våre samarbeidspartnarar ellers og ikkje minst alle de som kjem på festival.