Søftingprosjektet kjem attende!

Målrock har den store gleda å få presentera eit spanande gjensyn i romjula med den lokale framsyninga om Ludvig Søfting. Anne Grethe Søfting og Steinar Fodnes har satt saman eit prosjekt av lokale musikarar og skodespelarar med visjon om å kaste lys over Ludvig Søfting sine dikt og tekstar frå ei svunnen tid. Onsdag 27. desember kl. 19.00 er det klart for ei andre forestilling med «Ludvig i ord og tonar».

Ludvig Søfting 1926-1986

Med sitt daglige arbeid på aluminiumsverket i Årdal i nesten 40 år, så hadde kanskje Ludvig Søfting behov for å uttrykkje seg på andre måtar enn den meir røffare industrisjargongen som elles prega kvardagen. Uansett bakgrunn så etterlat Ludvig seg ei rekkje dikt, noveller, andre tekstar og teikningar.

Ludvig i ord & tonar

Saman med Steinar Fodnes, samla Anne Grethe Søfting eit knippe lokale musikarar som satte tonar til nokre av dikta til Ludvig Søfting, til onsdagsarrangementet under Målrock 2017. I sin heilskap innehaldt framsyninga dikt, song, bilete og dramatisering. Dei som bidrog med dette var Laila Asperheim, Merete Hjelle, Sigyn Øre, Mathias Degnepoll Øren, Tea Berg, Fredrik Haug Johansen, Årdal Blueslag, Raoskinn, Free Birds, Steinar Fodnes og Anne Grethe Søfting. Etter særs gode kritikkar er denne gjengen igjen klare for å bergta kulturhuset i Øvre Årdal.

 

«Det vart ein formidabel suksess og Målrock er veldig begeistra over at Anne Grethe og Steinar på ny vil nytte Målrock som arena for denne framsyninga, seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «Mange som ikkje fekk med seg arrangementet sist har etterspurt ny oppsetjing, og Målrock vil sjølvsagt realisere dette». Onsdag 27. desember 2017 kjem altså prosjektet Ludvig i ord & tonar attende til Årdal Kulturhus, gå ikkje glipp av denne eineståande framsyninga.

 

Det vil bli lagt ut om lag 300 sitteplassbillettar via Årdal kommune sitt eBillettsystem. Pris kr. 280,- pluss avg. Framsyninga startar kl. 19:00, og tidene er tilpassa rutebuss til Øvre Årdal. Billettar finn du her, salet startar måndag 9. oktober kl. 07.00. 

 

Målrock 2018 går av stabelen i Årdal 3-4. august, med mange fantastiske artistar på plakaten. Følg med framover for spanande artistslepp og billettsal.