Åge Aleksandersen og Gåte til Målrock 2018!

Det er ei sann glede å presentere dei to fyrste artistane til Målrock 2018. Med sjølvaste Gudfaren innan norsk rock og superbandet Gåte, så har Målrock funne kuren mot haustdepresjon og kalde vinterkveldar, me byrjar nedteljinga til festivalsumaren og Målrock som går av stabelen 3. og 4. august 2018.

Åge Aleksandersen & Sambandet

Gudfaren innan norsk rock, som heile Norges befolkning er på førenamn med, kjem endeleg tilbake til Målrock. Ingen har vel satt djupare spor i norsk musikkhistorie enn Åge, og ingen gjev meir på scena enn Åge & Sambandet, det ligg an til ein enorm festkveld i meieriparken laurdag 4. august. Så vil du verkeleg «levva livvet» må du sikre deg festivalpass allereie no!

 

 

Gåte

Gåte kom som eit friskt pust inn i musikkbransjen med sin særeigne og spanande musikkstil som kan kallast å vere ein fusjon mellom folkemusikk og progressiv rock.

Dei slo for alvor gjennom med debutalbumet «Jygri» i 2002, og vart på kort tid det mest etterspurte bandet i Norge.

I 2005 fann frontfigur Gunnhild Sundli at nok var nok, heile ungdomstida hadde gått med til å spele og turnere med Gåte, bandet vart oppløyst og Norge vart brått eit fenomen fattigare. Heldigvis, 12 år seinare har Gunnhild og Gåte funne tilbake til kvarandre, og er igjen klare til å erobre Norge med den råe og herlige musikken sin. «Attersyn» heite den nye EP’n til Gåte, dei nye låtane er enda råare enn tidlegare, men glir rett inn i Gåte-universet og kritikarane er frå seg av begeistring. No kjem dei attende til Målrock – fredag 3. august!

 

Festivalpass – Haustsal

Laurdag 11. November legg Målrock ut 200 festivalpass for sal til latterlig lav pris – nettopp du kan vere ein av dei heldige som kan sikre deg festivalpass allereie no! Pris for festivalpass 990,- inkl. avgifter (NB! Kun 200 festivalpass).

 

«Me er enormt nøgde med å ha landa to av dei aller største norske banda til Målrock 2018», seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «Med Åge Aleksandersen & Sambandet har me verkeleg innfridd ynskje til fleirtalet av vårt publikum, som har etterspurt den folkekjære artisten ved fleire høve. Når det endeleg klaffa for at Åge hadde høve til å kome, og at Gåte er attende med eit etterlengta comeback, så ligg det an til ein historisk bra Målrockfestival i 2018.».

 

Målrock 2018 går av stabelen i Årdal 3.-4. august, med Åge Aleksandersen & Sambandet og Gåte som dei førebels fyrste artistane på plakaten. Allereie i 27. desember lokkar Målrock med eit gledeleg gjensyn med førestillinga «Ludvig i ord & tonar» i Årdal Kulturhus.

Kjøp festivalpass til Målrock 2018 her.

Og få med deg «Ludvig i ord og tonar» med billettsal her.