Åge Aleksandersen & Sambandet – Målrock 2018!

Åge Aleksandersen & Sambandet til Målrock 2018!

 

Det er ei sann glede å presentere Åge & Sambandet til Målrock 2018. Med sjølvaste Gudfaren innan norsk rock, så har Målrock sikra seg eit solid trekkplaster til 2018-utgåva av Målrock . Alle elskar Åge – og alle er velkomne til Målrock og sumarens store festkveld saman med Åge & Sambandet, laurdag 4. august 2018.

 

Åge Aleksandersen & Sambandet

Gudfaren innan norsk rock, som heile Norges befolkning er på førenamn med, kjem endeleg tilbake til Målrock. Ingen har vel satt djupare spor i norsk musikkhistorie enn Åge, og ingen gjev meir på scena enn Åge & Sambandet, det ligg an til ein enorm festkveld i meieriparken laurdag 4. august.

Åge er ein levande legende som har spelt utallige konsertar land og strand, og ved fleire høve på Målrock. Ved forrige besøk stod det meir enn 2000 elleville festivaldeltakarar framfor storescena i Meieriparken på Årdalstangen og rocka saman med Åge Aleksandersen & Sambandet. Han har den sjeldne gåva og utstrålingen, kombinert med eit arsenal av hits, som gjer han populær blant vaksne og unge.

Med Sognefjorden og mektige fjell i bakgrunnen, kombinert med Åge & Sambandet i storform på scena – det kan ingen gå glipp av – så vil du verkeleg «levva livvet» må du sikre deg festivalpass allereie no!

«Me er enormt nøgde med å ha sikra oss det aller største norske bandet til Målrock 2018», seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «Med Åge Aleksandersen & Sambandet har me verkeleg innfridd ynskje til fleirtalet av vårt publikum, som har etterspurt den folkekjære artisten ved fleire høve. Når det endeleg klaffa for at Åge hadde høve til å kome, så ligg det an til ein historisk bra Målrockfestival i 2018.».

 

Etter at 200 festivalpass var utselt på rekordtid ved forrige kampanje, har me i Målrock  skipa ein ny kampanje og lagt ut nye festivalpass for sal  – nettopp du kan vere ein av dei heldige som kan sikre deg festivalpass allereie no! Ny kampanjepris for festivalpass 1295,- inkl. avgifter (NB! Begrensa antal festivalpass). Husk at prisane vil stige noko fram mot festivalstart – så ver om dykk allereie no!

 

Målrock 2018 går av stabelen i Årdal 3.-4. august, med Åge Aleksandersen & Sambandet og Gåte som dei førebels fyrste artistane på plakaten. Allereie i 27. desember lokkar Målrock med eit gledeleg gjensyn med førestillinga «Ludvig i ord & tonar» i Årdal Kulturhus.

 

Kjøp festivalpass til Målrock 2018 her.

Og få med deg «Ludvig i ord og tonar» med billettsal her.