Gåte er attende – Klare for Målrock 2018

Etter 12 års ventetid er endeleg Gåte tilbake med ny musikk, nokre ting her i verda er verkeleg verdt å vente på. Med Gåte får ein energi, råskap og magi – alt på ein gong. Me har med dette lagt alt til rette for ein fantastisk Målrock 2018. 

 

Gåte

Gåte kom som eit friskt pust inn i musikkbransjen med sin særeigne og spanande musikkstil som kan kallast å vere ein fusjon mellom folkemusikk og progressiv rock. Dei slo for alvor gjennom med debutalbumet «Jygri» i 2002, og vart på kort tid det mest etterspurte bandet i Norge.

I 2005 fann frontfigur Gunnhild Sundli at nok var nok, heile ungdomstida hadde gått med til å spele og turnere med Gåte, bandet vart oppløyst og Norge vart brått eit fenomen fattigare. Heldigvis, 12 år seinare har Gunnhild og Gåte funne tilbake til kvarandre, og er igjen klare til å erobre Norge med den råe og herlige musikken sin. «Attersyn» heite den nye EP’n til Gåte, dei nye låtane er enda råare enn tidlegare, men glir rett inn i Gåte-universet og kritikarane er frå seg av begeistring.

Gåte har fått med seg  folkemusikklegenden Knut Buen og popartisten Frøder til å bistå som låtskrivarar, og eitt fullverdig album er venta i april månad 2018. I mellomtida kan me glede oss med den smått fantastiske EP’n Attersyn. 2017/18-utgåva av Gåte består av trioen Gunhild Sundli, Sveinung Sundli og orginalgitarist Magnus Børmark – ein trio som garantert vil levere fantastiske og storslåtte musikkopplevingar framover.

 Gåte var superbandet som valde å gje seg når heile Norge venta på meir. Med sin særeigne stil og musikalske univers etterlot dei seg eit tomrom i norsk musikk som ingen har klart å fylle. Konserten Gåte spelte under Målrock 2003 har gått inn i Målrockhistoria som ein av dei aller største og mest magiske framføringane som vårt trufaste publikum har opplevd. At Gåte endeleg er attende på Målrock for å avslutte fredagskvelden i Meieriparken fredag 3. august – det er berre fantastisk!

 

«Me er enormt nøgde med å ha landa Gåte til Målrock 2018, noko me har jobba med ei stund etter me mottok gladmeldinga om at Gåte var attende», seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «Med Gåte får me noko særeige, gåtefullt og ein råskap me alltid er på utkikk etter, og dei treff spikaren midt på hovudet med tanke på målformen – så alt ligg til rett for ein historisk bra Målrockfestival i 2018.».

 

Etter at 200 festivalpass var utselt på rekordtid ved forrige kampanje, har me i Målrock  skipa ein ny kampanje og lagt ut nye festivalpass for sal  – nettopp du kan vere ein av dei heldige som kan sikre deg festivalpass allereie no! Ny kampanjepris for festivalpass 1295,- inkl. avgifter (NB! Begrensa antal festivalpass). Husk at prisane vil stige noko fram mot festivalstart – så ver om dykk allereie no!

 

Målrock 2018 går av stabelen i Årdal 3.-4. august, med Åge Aleksandersen & Sambandet og Gåte som dei førebels fyrste artistane på plakaten. Allereie i 27. desember lokkar Målrock med eit gledeleg gjensyn med førestillinga «Ludvig i ord & tonar» i Årdal Kulturhus.

 

Kjøp festivalpass til Målrock 2018 her.

Og få med deg «Ludvig i ord og tonar» med billettsal her.