Eva Weel Skram & Dårlig Vane til Målrock 2018

EVA & DÅRLIG VANE TIL MÅLROCK 2018!

 

Det står ikkje på mangfaldet når me kan presentere at to nye artistar er klare for Målrock 2018. Med gåsehudgarantisten Eva Weel Skram og den enormt populære Rap-gruppa Dårlig Vane frå Bergen, så blir Målrock-programmet 2018 verkeleg prega av det beste Vestlandet har å by på av musikk.

 

Eva Weel Skram

«Berre la meg vær» syng Sogndalsjenta Eva Weel Skram! Men me klarar ikkje la vere, me må ha meir av den silkemjuke røysta og dermed kjem Eva endeleg attende til Årdal og skal opne laurdagskvelden under Målrock 2018.

Eva Weel Skram var tidlegare best kjent frå popduoen Eva & The Heartmaker, saman med ektemannen og supergitaristen Thomas Stenersen. Etter merksemda ho fekk i deltaking i «Hver gang vi møtes» byrja ho å skrive låtar og synge på morsmålet sitt, noko som verkeleg har løfta ho opp i den øvste eliten blant norske artistar. To fulle hus i operaen og utselde konsertar over heile landet vise at Eva er meir populær enn nokon gong. Gjer dykk klare til høg gåsehudfaktor laurdag 4. august i Meieriparken.

 

Dårlig Vane

Dårlig Vane, det råaste hip hop-bandet i Norge kjem til Målrock 2018. Det er berre til å ta av seg capsen – Bergen leverar musikkvarene nok ein gong. Med gateslagarar som «Gikk i bakken» og «2 blå» har Dårlig Vane erobra rapsjangeren her til lands. Heftige konsertar krydra med herlig energi og moglegvis den råaste «attityden» hjelpte Dårlig Vane fram til seier i Urørtfinalen 2017. No kjem dei til Målrock og skal erobra Meieriparken laurdag 4. august – dette blir legendarisk – me kjem til å gå rett i bakken!

 

 

«Det er veldig kjekt å få presentera to så ulike artistar til Målrock 2018», seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «Eva Weel Skram innfrir forventningane til veldig mange som har ynskja ho attende til festivalen vår. Så er det kjekt å gje noko til dei yngre generasjonane som har etterspurt Dårlig Vane den siste tida, og i tillegg så syng begge på morsmåla sine. Det ligg så absolutt an til ein historisk bra Målrockfestival i 2018.».

 

Festivalpass

Me held fram med grisebillige festivalpass ei stund framover, det er inga tid å miste – nettopp du kan vere ein av dei heldige som kan sikre deg festivalpass allereie no! Pris for festivalpass 1250,- eks. avgifter (NB! Begrensa antal).

 

Målrock 2018 går av stabelen i Årdal 3.-4. august, med Åge Aleksandersen & Sambandet, Gåte, Eva Weel Skram og Dårlig Vane som dei førebels fyrste artistane på plakaten.

Kjøp festivalpass her!