AMMUNITION og LÜT klare for Målrock 2018

Målrock garantera kraftig skyts og etsande rock med to nye rockegrupper klare for årets festival. Med Åge Sten Nilsen sitt heftige band AMMUNITION og Norges mest hardslåande og spennande rockeband – LÜT – så blir Målrock 2018 av det heftige slaget!

 

AMMUNITION

Med Norges beste hardrock-vokalist Åge Sten Nilsen i spissen, og meritterte musikarar i bandet frå blant anna TNT, så er AMMUNITION det me kan kalle eit ekte stadion-rockeband. Åge Sten Nilsen var tidlegare frontfigur i Wig Wam som hadde formidabel suksess. I 2013 danna han Ammunition saman med den svenske låtskrivaren Erik Mårtensson og like etter kom debutplata «Shanghaied». Med låten «Wrecking Crew» oppnådde Ammunition ein respektabel andre plass i den norske Melodi Grand Prixfinalen i 2017.

Bandet er ute med ny plate i år som allereie har hausta strålande kritikkar i utanlandsk rockepresse. Ammunition skal i 2018 ut på ein heftig turne med det høvande namnet «Tear Your City Down Tour 2018» og er å finne på plakaten på fleire utanlandske konsertar og festivalar dette året, me i Målrock gleda oss seg veldig til å høyre dei live – laurdag 4. august i Meieriparken!

 

LÜT

Eit herlig rockeband som på kort tid har etablert seg som eit av Norges mest spennande. Dei har utvikla eit unikt og energisk liveshow, med eit hardslåande lydbilete, kraftige gitarar og melodiøse låtar.

Lüt har trass si korte karriere rukke å bli finalist i Urørtfinalen 2017, nominert til P3 Gull som årets liveartist og Spellemannspris i kategorien Året nykomar. Vidare har dei opparbeida seg eit internasjonalt rykte ved at Metallica-trommis Lars Ulrich hylla bandet og låten «BoyToy» i det legendariske radioprogrammet «It’s Electric».

Dette herlige punkrockbandet kjem til Målrock og skal bergta publikum med sitt fantastiske liveshow i Meieriparken fredag 3. august – Gled dykk!

 

«Det er stas å få presentera to nye rockeband til Målrock 2018», seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «AMMUNITION med Åge Sten Nilsen vil gleda mange svorne rockefans. Så er det ekstra kjekt å vise fram yngre generasjonar av norske rockeband slik som populære LÜT, for rocken er ikkje daud folkens! Det ligg så absolutt an til ein historisk bra Målrockfestival i 2018.».

 

Festivalpass

Me held fram med grisebillige festivalpass ei stund framover, det er inga tid å miste – nettopp du kan vere ein av dei heldige som kan sikre deg festivalpass allereie no! Pris for festivalpass 1250,- eks. avgifter (NB! Begrensa antal).

 

Målrock 2018 går av stabelen i Årdal 3.-4. august, med Åge Aleksandersen & Sambandet, Gåte, Ammunition, Eva Weel Skram, Lüt og Dårlig Vane som dei førebels fyrste artistane på plakaten.

Kjøp festivalpass her!