KAMELEN, AUNT MARY & FRIDA HUNSHAMMER til Målrock 2018

Det blir ein sjangerorgie av dei sjeldne med rap, rock og pop til årets festival. Til Målrock kjem den kontroversielle rapparen KAMELEN frå det allsidige rappekollektivet i Bergen, samt dei legendariske prog-rockarane i AUNT MARY, og sist men ikkje minst det lokale stjerneskotet FRIDA HUNSHAMMER.

 

Kamelen

Den kontroversielle rapparen frå Bergen oppnådde kultstatus over natta i 2015 då han rømte frå politiets varetekt, og kort tid etter arrestert då han gjekk av scena etter ein konsert. Medan han sona valdsdommen så levde debutsingelen «Si Ingenting» eit fritt liv og vart på kort tid omtala som ein av dei verkeleg store klassikarane innan norsk hip-hop. Rehabiliteringstida innanfor murane nytta den talentfulle artisten godt og resultatet vart det etterlengta albumet «Ambivalent».

Gjennom musikken fortel Kamelen om vanskelege oppvekstkår og om livet på skuggesida av samfunnet, men samstundes draumen om en lovlydig kvardag. Fredag 3. august står Kamelen på scena i Meieriparken og med kanonhitane «Si Ingenting» og «Beng Beng Beng» så det kjem til å smella folkens!

 

Aunt Mary

Eit legendarisk progrock band med fartstid heilt tilbake til 1969, da med orginalbestetninga Jan Groth, Bjørn Kristiansen, Sven Gundersen og Ketil Stensvik. Aunt Mary blei oppløyst i 1973, men haldt fram med sporadiske konsertar utover 80, 90-og 2000-talet med ulike bandsamansetjingar.

Aunt Mary har ei rekkje plateutgjevingar som har hausta gode kritikkar og bygd opp ein stor og trufast fanskare, ikkje minst i industribygda Årdal. Mange gleda seg nok stort da bandet slapp ny plate i 2016, da med Idolvinnar Glenn Lyse på vokal og saman la dei ut på nye konserteventyr.

Aunt Mary har lansert fleire konsertar og festivalar i 2018 og tek med seg Morten Fredheim på vokal, kjent frå mellom anna rockebandet Hayseed og deltaking på The Voice. Fredag 3. august kjem Aunt Mary attende til Årdal og opnar årets Målrockfestival med ein heftig konsert til glede for trufaste tilhengjarar og musikkelskarar.

 

Frida Hunshammer

I samarbeid med Hugin Musikkforum har Målrock gleda av å presentere det fyrste offisielle rockestipendet til lovande lokale Årdalsband/artistar, som får sjansjen til å vise seg fram på Målrockscena– og i år var valet enkelt – Frida Hunshammer!

Det lokale stjerneskotet fekk ein gedigen opptur gjennom deltakinga på fjorårets The Voice som har resultert i innspeling av låtar i studio for den talentfulle årdalsjenta. Med singelen «Lovesick» har Frida allereie oppnådd gode streamingtal på Spotify og det er meir i vente då ho er meir enn klar for å satse på musikkkarriera.

Frida har trass sin unge alder relativ lang fartstid i musikkmiljøet i Årdal der ho har spela i ulike band og prosjekt med andre medlemar frå den lokale musikkfabrikken «Hugin Musikkforum». Folk flest inst i Sognefjorden kjenner Frida frå årdalsbanda System of six og Flugisane, og det er nettopp den sistnemnte gjengen Frida tek med seg til Målrock laurdag 4. august, men no fronta under Frida Hunshammer og hennar låtkatalog. Det er inga tid å miste, kjøp festivalpass og bli med på festen!

 

Siste artistslepp

Målrock er ferdig med bookinga til årets festival, men framleis gjenstår det å avsløra den siste Headlineren til Målrock 2018. Namnet på headlineren sparar me til slutten av juli månad, men Målrock kan avsløre at det er ein ung og svært populær hiphop-artist som er kjent for spekatakulere konsertar som famnar alle aldergrupper. Denne artisten kjem garantert til å levere den råaste konserten på Målrock 2018 – og dette kan ingen gå glipp av.

Festivalpass

Me held fram med grisebillige festivalpass ei stund framover, det er inga tid å miste – nettopp du kan vere ein av dei heldige som kan sikre deg festivalpass allereie no! Pris for festivalpass 1250,- eks. avgifter (NB! Begrensa antal).

Dagsbillettar

Sidan Målrockprogrammet no er nær komplett slepp me og dagsbillettar til festivalen med salsstart 12. mai kl 10:00. Dagsbillettar er til sal via Ticketmaster og eit avgrensa tal billettar er lagt ut til oppstartspris kr. 745,- + avgift.

 

«Enormt kjekt å få presentera tre nye band til Målrock 2018», seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «AUNT MARY vil gleda mange svorne progrockarar frå den gyldne årgangen av musikkhistoria. Vidare er det vanvittig stas å vise dei yngre generasjonane at Målrock levera artistar dei har etterspurt – KAMELEN vil så absolutt levera eit fyrverkeri av ein konsert. Så er det veldig moro og viktig at lovande lokale artistar får sjansen med rockestipendet – Frida Hunshammer kjem til å bli eit årets høgdepunkt. Det ligg så absolutt an til ein historisk bra Målrockfestival i 2018 – vonar mange vil bli med på festen».

 

Målrock 2018 går av stabelen i Årdal 3.-4. august, med Åge Aleksandersen & Sambandet, Gåte, Eva Weel Skram, Kamelen, Dårlig Vane, Aunt Mary, Ammunition, Lüt og Frida Hunshammer på plakaten – NB! Siste headliner blir annonsert 21. juli.

Det er inga vits å vente – kjøp dykk festivalpass allereie no, for med den siste headlineren på plass – så blir Målrock 2018 blir berre heilt fantastisk.

Kjøp festivalpass her!