Fjelljom i Blåberggruvene

Fjelljom: Blåberggruvene

Me er særs gilde for at gjengen bakom konseptet «Fjelljom» har valt å legga arrangementet til Målrock 2018.

 

Få ei konsertoppleving av dei sjeldne i dei nedlagde kopargruvene 420 meter over Øvre Årdal. Søndag 5. august kan de oppleva bergtakande tonar frå Karl Seglem, Solbjørg Kvålshaugen, Verdsmannen Thorbjørnsen, Ellen Løvhaug Harrison og lovande lokale talent i dei gamle gruvegangane.

“Fjelljom” er eit musikkonsept som skal gje innbyggjarane i Årdal og omland eit gratis og inkluderande kulturtilbod som òg lokkar ein ut i naturen og opp i fjella.

Årets konsert er eit samarbeid med Målrock. I framtida vil me også arrangera konsertar andre stader. Finnsåsen, Paradisjuvet og Bøttejuvet er moglege kandidatar. Me ynskjer at desse konsertane skal verta ein årleg tradisjon, og at det skal vera noko som alle Årdøler kan vera glade for og stolte av.

Karl Seglem er klar til å bergta publikum i Blåberggruvene. Han er rekna som ein av landets fremste jazzmusikarar og speler lika godt på bukkehorn som på saksofon. Kanskje har han også nokre dikt på lur.

Solbjørg Kvålshaugen er bestyrar ved Fondsbu Turisthytte og er kjend frå NRK-serien “Fjellfolk”. Saman med Verdsmannen Thorbjørnsen har ho i ei årrekke trollbunde publikum med sterke dikt med vare tonar til.

Frå Ellen Løvhaug Harrison vert det urframføring av eigenskrivne songar, med nære tekstar og ei stemma som få kan måla seg med. Saman med lovande lokale talent skal desse gje deg ei oppleving du seint vil gløyma.