KOM DEG UT MED MÅLROCK – ÅRETS FRILUFTSPROGRAM ER KLART!

Målrock ligg lokalisert innerst i Sognefjorden, med Jotunheimen som næraste nabo. Store deler av Årdal er fjell og fjord, og det er uendelege moglegheiter for både korte og lange turar i nærområdet. Turprogrammet til Målrock skal spegle eit høve til å oppleve meir enn berre festivalen, og er i utgangspunktet berekna på at dei aller fleste skal kunne gjennomføre alle turane. Vi samarbeidar tett med lokale krefter om alle deler av festivalen, og turprogrammet er eit samarbeid mellom Målrock, Utladalen Camping, Årdals Sjøfront/Adventure Tours Norway og Bulder & Brak. Dersom det organiserte turprogrammet ikkje fristar, byr Årdal og på ei rekke kortare turar ein utan problem kan ta på eiga hand.

Påmelding og billettsal til turane er allereie mogleg. Har du spørsmål? Kontakt oss på Facebook eller via kontakt-sidene her.

 

Fredag 3. august

Topptur til Store Soleiebotntind

Store Soleiebotntind gir deg makalaust flott utsyn mot dei andre tindane i Hurrungane, og er ein topp svært mange ønskjer å få med seg. Turen opp er for alle som er i normalt god kondisjon, og tek ca 5-6 timar tur/retur.

Turen går saman med Bulder & Brak Opplevingar. Oppmøte på torget i Øvre Årdal kl 10, der me samlar oss i færre bilar og køyrer oppover Tindevegen til Tverrelvi.

Info: www.bulderogbrak.no

Deltakaravgift kr 400,- per person

Antal plassar: 10

 

Grunnkurs hav med Bulder & Brak Opplevingar

Årdal bør opplevast frå fjord til fjell, og i samband med Målrock 2018 får du no høve til å ta grunnkurs hav som kvalifiserer til våttkort. Med grunnkurset i boks kan du halda fram med padling på eiga hand – og det opnar opp for ein fantastisk måte å vera ute på tur. Kurset føregår på dagtid over 2 dagar.

Fredag 3. august: kl 09 – 17

Laurdag 4. august: kl 09 – 17

Deltakaravgift kr 2900,- per person (inkl våttkort)

Antal plassar: 8

Påmelding direkte til epost post@bulderogbrak.no eller mobil 97522139

 

Laurdag 4. august

Guida padletur med Bulder & Brak Opplevingar

Det er nokre få tilgjengelege plassar til guida padletur laurdag 4. august som går saman med deltakarane på grunnkurset. Me padlar frå Vikadalen eller Seimsdalen til Indre Ofredal – ei perle ved Årdalsfjorden. Oppmøte etter avtale kl 10.

Deltakaravgift: kr 800,- per person

Har du eige utstyr og våttkort er du hjarteleg velkomen til å bli med på den guida turen til redusert pris: kr 400,- per person

Antal plassar: 6

 

RiB-båt på Sognefjorden med Adventure Tours Norway og Årdal Sjøfront

Festivalområdet til Målrock ligg der Sognefjorden går på land. Laurdag 4. august kan du få oppleve den fantastiske Sognefjorden i Årdal med RiB-båt med utgangspunkt frå den nye gjestebåthamna i Meierihopen. Turen tek ca. 1 time.

kl 13:00 (24 stk per avgang/2 båtar)

Kl 14:30 (24 stk per avgang/2 båtar)

Deltakaravgift kr 650,- per person

Påmelding/førehandsbestilling til mobil 979 77 609 eller på e-post til sofie@andersenas.no , eller kan de møte opp i Meierihopen Gjestehamn og håpe på ledig plass.

 

Er du klar for ein fjelltur, vil du nyte Sognefjorden med ein padletur eller ein heftig RiB-båttur? Målrock vil uansett ynskje deg deg ei fantastisk festivalhelg med både musikk, fest og naturen som midtpunkt!