MÅLROCK PILS PÅ ÅRETS FESTIVAL – HANDVERKSBRYGG AV TYA BRYGGERI

SPESIALBRYGGA MÅLROCKPILS til årets festival!

 

Det er ei sann gleda å få presentera spesialbrygga øl til Målrock 2018. Dei eminente bryggarane i Tya Bryggeri står bak handverkspilsen – ein får ikkje meir rocka og kortreist øl enn dette. Torsdag 19. juli blir det lansering av Målrockpilsen på Tya bar.

 

Målrockpils

Tankane om ein eigen lokalbrygga pilsner vart godt motteke hjå dei ivrige gründarane i Tya Bryggeri seint utpå hausten i fjor. Utfordringa om å brygge ein pils som kunne konkurrere med industribryggeria både på smak, kvalitet og pris, tok Tyabryggarane på strak hand. Vidare vart me samde om å lage ein eigen etikett i same stil som Tya ølet er blitt så kjent for, der Meieriparken med publikum, Trallaraen og Huldra skulle vera framtredane. Med bildet til «Janos» som utgangspunkt har Tya sin britiske illustratør verkeleg laga eit kunstverk av ein etikett og alt ligg til rette for ein smakfull og visuell oppleving for alle Målrockarar.

 

Tya Bryggeri

Det lokale bryggeriet i Årdal vart grunnlagt, starta og drifta av Arnt Erik Henjum og Tom Hellebø for berre få år sidan. Bryggeriet har gradvis auka utvalet og volum med åra og med flotte bryggerilokale med eigen bar midt i hjarta av sentrum i Øvre Årdal, må det seiast å ha vorte ein suksess. I tillegg til nydelige handverksbrygg har dei utmerka seg med sine spesielle etikettar. Med på laget har dei den kjente britiste illustratøren Mark Wilkinson, kjent for å ha designa plateomslag til Iron Maiden og illustrasjonar til kjente artistar som Bon Jovi.

 

Felles visjon

Både Tya Bryggeri og Målrock er tufta kva som grunnleggande for Årdal, nærare bestemt «fjord, fjell, industri og kulturen», noko som etiketten på årets Målrockpils vitnar om. Me ser begge verdien av å skapa noko saman for å vidare underbyggja felleskapet i Årdalssamfunnet. Målrockpilsen til Tya vert å få kjøpt i butikk lokalt og på Tya Bar sjølvsagt, samt under festivalen. Det er brygga eit begrensa opplag på 1000 flasker, så det gjeld å vere om seg. Me håpar at Målrockpilsen fell i smak og at det blir eit kjekt bidrag til ein allereie fullspekka Målrockfestival.

 

Siste artistslepp

Målrock er ferdig med bookinga til årets festival, men framleis gjenstår det å avsløra den siste Headlineren til Målrock 2018. Namnet på headlineren sparar me til 21. juli, men Målrock kan avsløre at det er ein ung og svært populær hiphop-artist som er kjent for spekatakulere konsertar som famnar alle aldergrupper. Denne artisten kjem garantert til å levere den råaste konserten på Målrock 2018 – og dette kan ingen gå glipp av.

Det er inga vits å vente – kjøp dykk festivalpass allereie no, for med den siste headlineren på plass – så blir Målrock 2018 blir berre heilt fantastisk.

 

Festivalpass

Me held fram med grisebillige festivalpass kun få dagar til, det er inga tid å miste – nettopp du kan vere ein av dei heldige som kan sikre deg festivalpass til spottpris no! Pris for festivalpass 1250,- eks. avgifter (NB! Begrensa antal).

Dagsbillettar

Dagsbillettar er til sal via Ticketmaster og eit avgrensa tal billettar er lagt ut til oppstartspris kr. 745,- + avgift.

NB! Prisane stig 23. juli. Kjøp billettar her

 

Målrock 2018 går av stabelen i Årdal 3.-5. august, med Åge Aleksandersen & Sambandet, Gåte, Eva Weel Skram, Kamelen, Dårlig Vane, Aunt Mary, Ammunition, Lüt, Frida Hunshammer og Fjelljom i Blåberggruvene på plakaten – NB! Siste headliner blir annonsert 21. juli.