KJARTAN LAURITZEN ENDELEG KLAR FOR MÅLROCK 2018

FENOMENET «KJARTAN LAURITZEN» TIL MÅLROCK 2018! 

 

Målrock er berre så fantastisk nøgde med å endeleg få presentera Kjartan Lauritzen til årets festival, som no er like rundt hjørnet. Ingen artistar i Norge lagar meir show frå scenekanten enn fenomenet frå Balestrand – dette blir episk bra!

 

Kjartan Lauritzen

Per Áki Sigurdsson Kvikne er nok betre kjent som artisten Kjartan Lauritzen, rap-fenomenet frå vakre Balestrand i trivselfylket Sogn og Fjordane. Kjartan har verkeleg teke Norge med storm etter gjennombrotet med låtar som «Havanna» og seinare låten «Fredag» som har millionvis med streams på Spotify.

Med artistnavnet «Kjartan Lauritzen» har Per Áki dei siste åra gjort seg bemerka med uttalige kule og rare musikkvideoar og videosnuttar på Youtube, Facebook og andre sosiale mediar. Med ei merkverdig kul og humoristisk framtoning har han skapt eit fenomen ut av «Kjartan Lauritzen». Men viktigaste av alt er at nynorsk rapparaen har ei rekkje særs fengjande låtar som han kombinerar med eit enda meir spekatulært sceneshow som gjer at både ungdom og vaksne let seg rive med i begeistring.

Kjartan Lauritzen har dei meste fengande låtane på radio, han har dei mest fengande musikkvideoane på nettet, han har fått Volvo 240 til å framstå som kulare enn Tesla, han rappar nynorsken mot nye «Ivar Aasenhøgder» – Uansett kven du er, kva planar du har lagt, kor du bur eller kva livet ditt byr på – denne konserten MÅ du få med deg! Fredag 3. august blir grunnlaget lagt for kva ein kan få oppleve frå scenekanten kor enn du er hen i verden – Kjartan Lauritzen kline til med ein megakonsert i Meieriparken på Målrock 2018!

 

 

Festivalpass – NB! Prisane stig 23. juli

Me held fram med grisebillige festivalpass kun t.o.m 22. Juli, det er inga tid å miste – nettopp du kan vere ein av dei heldige som kan sikre deg festivalpass til spottpris! Pris for festivalpass 1250,- eks. avgifter (NB! Begrensa antal t.o.m 22. juli).

Dagsbillettar – NB! Prisane stig 23. juli

Dagsbillettar er til sal via Ticketmaster og eit avgrensa tal billettar er lagt ut til oppstartspris kr. 745,- + avgift t.o.m 22. juli.

 

«Absurd deilig å endeleg få presentera Kjartan Lauritzen til Målrock 2018», seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen. «Kjartan Laurizten er eit fyrverkeri av ein artist, og syng på klingande nynorsk. Han famnar jamvel alle aldersgrupper. Det ligg så absolutt an til ein grisebra Målrockfestival i 2018 – vonar mange vil bli med på festen».

 

Målrock 2018 går av stabelen i Årdal 3.-5. august, med Åge Aleksandersen & Sambandet, Kjartan Lauritzen, Gåte, Eva Weel Skram, Kamelen, Dårlig Vane, Aunt Mary, Ammunition, Lüt, Frida Hunshammer og Fjelljom i Blåberggruvene på plakaten.

 

KJØP FESTIVALPASS OG DAGSBILLETTAR HER!