Litt praktisk info før det brakar laus…

By 2. august 2018Målrock 2018, Nyhende

Det nærmar seg festival, og her kjem litt praktisk info om billettsal, transport og bandpåsett!

Billettsal:

  • Siste frist for førehandskjøp av festivalpass, ungdomspass og fredagsbillettar (det gjer du her!) er fredag 3. august kl 16:59.
  • Ungdomspasset er ikkje tilgjengeleg i døra. Det betyr at alle som har lyst på festival og er fødd i 1999 eller seinare må kjøpe denne billetten snarast.
  • Prisar ved inngong til festivalen: Festivalpass kr 1500,-, dagsbillett kr 950,-.

Byte av billett til festivalband:

  • Du kan byte fredagspass og festivalpass til band i forkant av festivalen. Den som skal ha festivalbandet må møte opp personleg, og du må ha med gyldig legitimasjon. Merk at laurdagsbillettar ikkje kan bytast inn i festivalband før laurdag.
  • Torsdag 2. august frå kl 15:00-17:00 på Årdalsenteret i Øvre Årdal. Her sel vi og alle typar billettar til førehandssalspris. Kort, kontant og Vipps-betaling tilgjengeleg.
  • Fredag 3. august frå kl 16:00 ved billettbua på Årdalstangen (ved festivalinngongen). Her sel vi alle typar billettar til førehandssalspris fram til kl 17:00. Då stenger vi billettsalet i 5-10 minutt, og etter det er det dørpris som gjelder. Skal du kjøpe billett til førehandssalspris anbefalar vi å gjere det på nett, eller vere ute i god tid i tilfelle kø. Billettsal og bandpåsett blir då tilgjengeleg til festivalen stenger for kvelden.
  • Laurdag 4. august frå kl 18:30.

Buss og transport:

  • Busspass sel vi på bandpåsett og i døra. Dette kostar 220,- og gir gratis festivalbuss (ordinær rutebuss, festivalbuss og nattbuss) fredag-søndag i Årdal. Busspasset gjev prioritet i kø til nattbuss!
  • Det er gjort nokre mindre endringar i transport-tidene: Buss frå Svalheim går 18:20 kvar dag (fredag og laurdag) om Farnes til Årdalstangen, samt buss til Fjelljom søndag 5. august går frå Årdalstangen kl. 11:45. Oppdaterte tider for all transport finn du på transport-sidene.
  • Skal du til Lærdal eller Sogndal etter festivalen må du førehandstinge bussplass i løpet av torsdag 2. august.