Dei 5 fyrste artistane klare for Målrock 2019!

Målrock manar til folkefest med det største norske rockebandet på nittitalet «The September When», den aller største mannlige popstjerna «Sondre Justad», dei folkekjære plommeplukkarane og folkrockarane «Vestlandsfanden», trivselfylket si aller fyrste popstjerna «Olav Stedje» og Sogndalsrockarane i Tyyl!

 

«Me ser at publikum ynskje enda meir preg av folkefest enn tidlegare, og med desse 5 kanonartistane så så ligg alt til rette for nettopp dette, seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Norheim Moen. «Sjølvsagt er det ekstra stas å lande dei to storfiskane The September When med Morten Abel i spissen, og den megapopulære popstjerna Sondre Justad som har vore etterspurt av vårt trufaste publikum. No er det berre til å gleda seg til Målrock 2019!»

Målrock 2019 går av stabelen i Årdal 9-11. august, og julesalget av billettar startar opp allereie fredag 7. desember. Her kan ein sikre seg den aller beste julegåva til seg sjølv og sine kjære.

 

For meir informasjon om Målrock, sjå Målrock: http://www.malrock.no 

Kontaktpersonar:

Festivalsjef: Thomas Norheim Moen, tlf. 909 74 539 eller thomas@malrock.no

Leiar i Stiftinga Målrock: Katrine Clausen Fredheim, tlf. 995 20 683 eller katrine@malrock.no