DEI 6 SISTE ARTISTANE ER KLARE!

SISTE ARTISTSLEPP TIL MÅLROCK 2019

 

Etter litt ventetid så kan endeleg Målrock gleda seg over å kunne presentera følgjande artistar til årets festival:

Norsk pop og allsang med «Trang Fødsel», folkrock frå Valdres frå «Staut», Nok eit gjensyn med ein bergensrappar, denne gong med «Omar Noir», årdalsmusikarar i alle alderar med  tributebandet «Stilige Dann», vakre toner frå årdølen «Kaia Höl» og til slutt ekte rock frå Bergen, gutane i  «Howlin’ Sun»

Her kan me stolt presentera alt ifrå folkrock til hip/hop, så her er det noko for alle og ein kvar. Dette blir garantert liv, og me gler oss utrulig mykje til å få oppleve denne musikken ilag med alle dykk! Del nyhendene med alle dine bekjente, og ta turen til årets Målrock – Dette blir kanonbra!

«Me har prøvd å lytta til kva publikum ynskje seg, og håpar at dette kan vera noko for alle. Det blir utvilsamt liv og røre i Meieriparken i år. Det er eit stort spenn i artistane, noko me tykkjer er spennande. Enskilde kan sikkert tenkje at noko av dette er utradisjonelt for Målrock, men det me prøver på er å gå så breitt ut som mogeleg.» seier festivalsjef Thomas Norheim Moen om årets line-up.

 

Trang Fødsel:

Den norske popgruppa vart danna i Bergen i 1992, med den sjarmerande frontfiguren Hans Petter Aaserud i spissen. Sidan dette har gruppa levert fleire hittar som «Kursiv», «Fredag» og «Drømmedame». Trang Fødsel er kjent for festlige liveshow som representera den norske sommaren på sitt beste.

 

Staut: Med kombinasjonen av fengande melodiar, sterke og gode tekster, særdeles dyktige musikara og ikkje minst eit valdsomt driv og energi på scena, har gjengen frå Valdres vakse seg opp til å bli ein av dei absolutt leiiande innan sin sjanger – folkrock.

  

Stilige Dann:

Øyvind Lægreid, mannen bak «Eagles på nynorsk» har no tromma saman eit nytt tributeband, til æra for den amerikanske gruppa Steely Dan. «Stilige Dann» er namnet og alle tekstar er sjølvsagt på nynorsk. Ideen var å setja nynorske/dialekttekstar til nokre av Steely Dan sine mest kjende låtar. Steely Dan vart etablert i 1972. Jazz, fusion, rock, funk og pop stod på repertoaret til gruppa som var kjend for å vera perfeksjonistar i alle musikalske samanhengar.

 

Omar Noir: Omar Noir, tidligare kjent som Blvck O, er ein bergensrappar som stadig aukar i popularitet i hip/hop miljøet. Omar har varma opp for artistar som «The Game», «Unge Ferrari» og «Skepta». Omar rappar på engelsk og sangen «The Plot» har passert 700 000 avspelingar på Spotify. Medan Omar har jobba med å produsere sin eigen musikk på norsk og engelsk har han samarbeida med blant anna artistar som giganten «Alan Walker».

 

Kaia Höl: Årdølen er ein sjølvlært songskrivar og produsent. Allereie som 12-åring starta Kaia å produsere sin eigen musikk, og har vore svært aktiv sidan dette. Musikken hennar går under kategoriane indie, electronic og dream pop.

 

Howlin Sun:

Howlin’ Sun ​- eit rockeband som er kjent for rå og frekke liveshow, der elementer frå den britiske 60-talls bluesen blanda med det beste frå gitardreven rock. Howlin’ Sun sitt debutalbum kom ut i februar 2018 og har hausta strålande kritikk frå europeiske kritikarar.

 

 

 

 Like før jul vart dei fem fyrste artistane annonsert:

Det største norske rockebandet på nittitalet «The September When», den aller største mannlige popstjerna «Sondre Justad», dei folkekjære plommeplukkarane og folkrockarane «Vestlandsfanden», trivselfylket si aller fyrste popstjerna «Olav Stedje» og Sogndalsrockarane i Tyyl!

 

Billettar kan de kjøpe her, eller direkte via TicketCo!

 

 

Festivalen går av stabelen 9-11. august og billettane er tilgjengelige for salg.

Om du har lyst å tjuvstarta på årets Målrock så kan du høyre hittane til dei aktuelle artistane her:

 

Omar Noir:
https://open.spotify.com/track/0fZLntc6knbhOpYzqmooOF?si=o70KE36BQO6fEKADkgh6Ig

 

Trang Fødsel:
https://open.spotify.com/track/2sGawNYAekAlrOYosqyfM9?si=AwDasTaQQ_C9_RJko2g_vA

 

Staut:
https://open.spotify.com/track/2NjRIEb53CJWJqlHZ3xwH9?si=1X–FDlASma_KSAj-zUJ4g

 

Howlin’ Sun:
https://open.spotify.com/track/4DnVdUezpTeNJJeWTxRDMp?si=2qHeNESCSuqOlH7ol25X_Q

 

Kaia Höl:
https://open.spotify.com/track/0tfMsjB0NqDJOaaiXZvscm?si=tJOcYlKARFKc-mSyKBzFfQ

 

 

For meir informasjon om Målrock, sjå Målrock: http://www.malrock.no

 

Kontaktpersonar:

Festivalsjef: Thomas Norheim Moen, tlf. 909 74 539 eller thomas@malrock.no

Leiar i Stiftinga Målrock: Katrine Clausen Fredheim, tlf. 995 20 683 eller katrine@malrock.no