Festivalcamp på Utladalen Camping & Svalheim Gard

Ny festivalcamp under Målrock 2019

Målrock har inngått samarbeid med Utladalen Camping & Svalheim Gard for å få den aller beste festivalcampen til Målrockgjestene.

I spektakulere omgjevnader ligg Utladalen Camping & Svalheim Gard – som tilbyr overnatting, spananande aktivitetar som øksekasting, melkespannkasting og mykje anna moro – og ikkje minst så tilbyr festivalcampen det aller beste målrockvorspielet du kan tenke deg – før bussane svippar gjestene trygt ned i Meiereiparken klare for råe musikkopplevingar, fest & moro.

Ta med dykk teltet, eller ta med dykk bubilen, eller leig dykk ei hytte på den beste festivalcampen inst i Sogn – for spørsmål og booking av overnatting, festivalbillett og busspass, så ta kontakt her: www.utla.no 

#festivalcamp #målrock #målrock2019 #svalheimgard #utladalencamping #moropåmålrock #målrockvorspiel